2002 – 2014

Lyd & Bilde – John Andersen

I morgon er det slutt for den tradisjonsrike forretninga A.& O. Langeland på Evje. Mange he stilt seg spursmålet kva dei no skal gjere dersom parabolanlegget fantar seg, TVskjermen vert svart – eller radioen i stova ikkje lenger kan levere Ønskekonserten på sundagen. John Andersen he vore tilsett som reparatør og sørvismann hjå Langeland sidan 1998 og he redda mange sambygdinger ut av djupe kriser og alvorlege tekniske problem. Me kan i dag kome med ei gladmelding til bygdefolket. John Andersen forsvinn ikkje ut av marknaden. Frå midten av neste månad vert han å finne i eigen verkstad på Evje. Klar til å halde fram med sørvis, vedlikehald og reparasjonar på det meste av tekniske installasjonar. Ein fagmann med lang røynsle og ein heilt unik kompetanse. ( foto: moisund.com )

John Andersen er godt kjend på dei fleste stikkveier, og i dei fleste hyttefelt i kommunen. Han he vore mykje på farten for å hjelpe trengjande kundar. Som eit ekorn flyttar han seg frå tre – til tre for å finne dei beste radiosignala. Ein fagmann på så mange vis ..(Foto: moisund.com)

John Andersen fekk fagbrevet alt i 1972 og he såleis vore med på ei rivande teknisk utvikling innanfor elektrobransjen.
I sin grøne ungdom vart han tilsett i verksemda Evje Radio Elektro, under leiing av Jarle Gjeitrem og Agnar Evanger. Fyrste jobben John mønstra på var då det vart monterte antenneanlegg og signalanlegg på den nye sjukeheimen på Evje. John Andersen var ein av dei aller fyrste i landet som fekk opplæring på fargefjernsyn. Ein ingeniør frå Tandberg radiofabrikk såg alt den gong eit potensiale hjå den unge evjeguten og gav han ei grundig innføring i det nye tekniske vidunderet.

Det er lenge sidan John reparerte radiokabinetter frå Tandberg, reiseradioar frå Radionette, grammofonar og videospelarar. Utviklinga he vore enorm. John he likevel halde seg oppdatert på det aller meste innanfor eige fagområde. I dag er det meir tale om digitalisert teknologi, mikroprosessorar og andre tekniske duppedittar. Eit fagområde som John Andersen he ein enorm, unik kompetanse om.

John er framleis sprek i lekamen og klår i hovudet. Han ynskjer ikkje på noko vis å leggje all denne kompetansen på hylla og etablerer difor i desse dagar ei eiga ny verksemd under namnet Lyd & Bilde – John Andersen. Han vil halde til i same lokala kor han er i dag, i kjellaren under forretninga til Langeland.
Frå verkstaden her vil han gjere sitt beste for å hjelpe både nye – og gamle kundar på ein framifrå måte. Som tidlegare vil han og ut i felten og hjelpe folk i hytter og hus med alt frå montering av parabolanlegg – til feilsøkjing på fjernsynsapparatet eller sal og montering av eit flunkande nytt lydanlegg. John tek hand om det aller meste og er som me alle veit ein knakande gild gut å ha i hus. Lydlaust, som ein katt, smyg han seg frå rom til rom – og før han forlet åstaden så fungerer det aller meste heilt etter læreboka. Canal Digital, Eurosport, Ønskekonserten og det gamle vaffeljernet medrekna.

I tilknytning til verkstaden vil Andersen og rigge til ei lita utstilling, eller showrom, som det heiter på forretningsspråket. Her vil han selje elektriske artiklar, fjernsyn, parabolanlegg, musikkanlegg – eller kva kundane til ei kvar tid spør etter.

No vonar han berre at kundane framleis vil sette pris på dette tilbodet. Dersom det vert nok å gjere – og at han framleis kan hente ut ei høveleg dagløn frå verkstaden, ja då lovar han å halde fram som lokal sørvismann langt inn i pensjonistalderen. Ei teneste bygda så absolutt treng.

Lyd & Bilde – John Andersen. Du treff John på tlf 95 15 54 92. 

Leave a Reply