2002 – 2014

Evjemoen kino i ny drakt

Irene Falck Jensen er einingsleiar for kultur i Evje & Hornnes kommune. Det var ei stolt jente som sist veke tok med moisund.com på ei omvising i den nyoppussa kinoen. Kring ein halv million kroner er brukt for å få det velbrukte  bygget oppgradert til ein topp moderne kino. Resultatet er framifrå. Nye friske fargar på mange av veggane. Nytt sceneteppe. Fleire nye stolar som gjer at det no er god sitjeplass til omlag 330 personar. Scenegolvet er slipt og nymåla. Lydanlegget er oppgradert til eit moderne surroundanlegg, noke som gjer at Evjemoen kino no kan levere ein lydkvalitet som er heilt på høgde med kva ein finn i kinosalar i meir kystnære strok. T.d. i Kristiansand. Framføre scena er det laga til eit stort dansegolv slik at publikum kan hive seg ut i dansen i samband med ulike konsertar. Ei flott storstove i kommunal regi. (foto: moisund.com )

Velkomen til Evjemoen kino seier Irene Falck Jensen. Jublande glad – og strålande nøgd med resultatet. ( foto: moisund.com )

 

Til og med billettluka er nyoppussa. ( foto: moisund.com )

Leave a Reply