2002 – 2014

Korttenkt av Erna Solberg

Av leiar i Norges Bondelag, Nils T. Bjørke (foto: øystein moi ): Erna Solberg ynskjer auka bustadbygging, og vil at dette skal skje framfor vern av matjord. Ho grunngjev dette med storsamfunnet treng fleire bustadar, men ser ut til å gløyme at me også i Noreg treng å produsera mat, skriv Bondelagsleiar Nils T. Bjørke i dette innlegget. Høgreleiar Erna Solberg seier i oppslag i Nationen at det vert bygt 10 000 bustadar for lite kvart år, og at Høgre vil nytte matjord for å auke bustadbygginga. Norges Bondelag meiner at å omdisponera matjord til fordel for bustadbygging er svært kortsiktig tenking frå høgreleiaren. Les heile innlegget her – og du er sjølvsagt velkomen med dine kommentarar her på nettstaden. Ordkløyving kring aktuell landbrukspolitikk plar stundom setje fart i krinslaupet hjå nokon og ein kvar..

1 comment to Korttenkt av Erna Solberg

  • Dag Gullesen

    Erna kan ha rett i det. Bedre at det blir bygd hus enn at det gror att med kratt og skog.
    Synd å sei det men det fins ikkje håp (Les: Politisk vilje) til satsing på matproduksjon i Noreg i dag, eller i uoverskuleg framtid. Kulturlandskapet og mange gårdsbruk blir meir og meir lik i austblokklanda. Slik blir det når det berre er kroner og den antikvariske odelsloven som skal styre.

Leave a Reply