2002 – 2014

Bjoren seglar i sommar!

Bjoren 21Oppslag på NRK sine nettsider og intervju med meg på sørlandssendinga har diverre skapt det inntrykket at det er fare for at Bjoren kan bli liggande ved kai i sommar. Eg er heilt trygg på at Bjoren vil segle i sommar. Diverre uttala eg meg så klønete til NRK at dette kom dårleg fram. Det er riktig som eg sa at det er naudsynt med ekstra tilskot i sommar, men eg fekk på ingen måte fram tydeleg nok at eg er heilt trygg på at finansieringa vil gå i orden for denne sesongen.Eg vil difor understreke at det ikkje er fare for dette. Driftsselskapet planlegg sommarsesongen som vanleg, Bjoren er sett på vatnet i fullgod stand, det er god førehandsbooking for starten på sesongen, og Bjoren vil segle på Byglandsfjorden som det flaggskipet for Setesdal dampbåten er.
Med helsing Leiv Rygg / Ordførar i Bygland

Leave a Reply