2002 – 2014

Antikvitetar og snurrepipperier på Øyulvstad denne helga!

Øyulvstad24Kvar sumar på denne tida er det storinnrykk til Åseral av folk som er glad i antikvitetar og snurrepipperier. Samlemesse i fleirbrukshallen og antikvitetsdagar på Øyulvstad! Alt dette på same helg gjer at skrotnissen på Øyulvstad, Birger Øyulvstad, er budd på storinnrykk på garden. Birger he eit uthus stappfullt av antikvitetar han he samla gjennom ein mannsalder og han lovar at det er mykje nytt for året for dei som har vitja han før. Samstundes med at hanen vaknar til liv har Birger lova at kaffikjelen skal vere på kok, han vil syte for at alle tilreisande føler seg velkomne når dei kjem til gards. Birger har som vanleg oppe ei helg i året  – og det er denne helga – laurdag og sundag. Fint ver og eit uthus som bugnar av antikvitetar og kunst. Kan det bli betre?
Er du i tvil om kor du finn Øyulvstad? Ta av til venstre ved Geiteskarbrua mot Kvåle rett nord for Kylland. Ca 2 km frå brua kjem du til grenda Øyulvstad. I følgje Birger den venaste staden på jord!

Han er den einaste i heile bygda med skrifteleg prov på at han kan drive som skraphandlar. No er det ikkje skrap Birger trivast best saman med. Nokon få vil kanskje kalle det guten he samla opp gjennom åra for det, men for Birger og mange med han er dette dyrbare skatter. Sethusa og uthus er fulle av «skatter» som «Biggen» he sikre seg gjennom vitjing på fleire hundre auksjoner og marknader gjennom livet. Laurdag opner han dynna for alle som ynskjer å kjøpe gamle antikvitetar.

Leave a Reply