2002 – 2014

No med eige festival»app»

Eikerapen-logoEikerapen Roots Festival tek til neste veke og den er stadig i utvikling. Dei har no fått sin eige «festivalapp» som kan lastast ned heilt gratis båe for Android og IOS plattformar! Med denne «appen» lasta ned på telefonen din,vil du bli varsla før konsertane tek til. På det viset vil du alltid få med deg akkurat DEN artisten du hadde mest lyst å få med deg. I tillegg til dette får du full oversikt over artistar og program, kva for scene det vert spelt på til ein kvar tid, når festivalbussen gjeng frå haldeplassen pluss mykje anna. Appen kan lastast ned via ItunesGoogle eller via din «appstore» på telefonen – det er berre å søkje opp «Eikerapen Roots Festival»

Leave a Reply