2002 – 2014

Eikerapen er budd for festival

Eikerapen gard1Det er i år 11 gong det vert skipa til musikkfestival i Eikerapen – på like mange år. Eikerapen Roots Festival har sett tydlege spor etter seg i nasjonal samanheng. I den lisle hyttegrenda oppunder høgfellet i Åseral førbur dei seg igjen til festival. Telt og scene er på plass. Det same er forfriskningane frå bryggeriet. Heile grenda er i røyrsle i samband med dei siste førbuingane. 400 friviljuge og 8000 besøkande er venta i dei neste 3 dagane. Det vert garantert liv i Eikerapen, slik det har tradisjon for å bli. Som ei siste førbuing før du set deg i bilen på veg til Åseral kan du her sjå klypp frå dei ulike artistane som kjem til Eikerapen i 2014. Velkomen til musikkfestival!

Vil du vete meir om festivalen kan du gå inn på heimesida www.eikerapen.com

Leave a Reply