2002 – 2014

Hanne Boel tende Eikerapen!

Eikerapen 201403Det var glissent på den flotte arenaen i Eikerapen under årets roots festival før danske Hanne Boel entra scena. Ein kunne sjå bekymringa i anleta til arrangørane etter kvart som kvelden skreid fram og det framleis var mykje ledige sete på musikkarenaen. Dansk dynamitt måtte til og då Morten Abel tok øve på hovedscena etter Hanne Boel var det full fyr og stemninga var på topp. Endå ein vellukka kveld for arrangøren som i år arrangerar festival for 11 gong. Laurdag står mellom anna Thomas Dybdahl, SiLyA og Plumbo på plakaten. Det vert garantert like høg stemning då!

Trykk på bileta for å endre storleik…

Leave a Reply