2002 – 2014

Stort fleirtal for utbyggjing av Fennefossen

DSC_0020_face1Det var ein smilande og nøgd ordførar som torsdag kveld slo klubba i bordet då heradstyret handsama ein høyringsuttale i samband med utbyggjing av Fennefossen.  Ordlyden i fleirtalsvedtaket lyder slik: » Kommunestyret er positive til en utbygging av Fennefoss kraftverk som skissert i NVE sin innstilling, men oppfordrer sterkt OED til å vurdere å pålegge utbygger et næringsfond på 5 millioner kroner til Evje & Hornnes kommune da de negative konsekvensene for næringslivet er større enn de positive.»
To representantar, frå Senterpartiet, røysta mot vedtaket og sette fram eit motforslag  som inneheldt ei negativ uttale til heile kraftutbyggjinga. Dei to representantane var Nils G. Østerhus og Ellen Cecilie Møllen.  Vedtaket om ein positiv uttale vart altså vedteke med 19 – mot to røyster. ( foto: moisund.com )

 

1 comment to Stort fleirtal for utbyggjing av Fennefossen

  • Inger Juvastøl

    Interessant.
    Men kommunestyret burde sett tre vilkår:
    Krypsivproblematikken må ikkje bli verre.
    Ta hensyn til gyteplassane til bleka.
    Syte for at ikkje fisk vert «hakkemat» i turbinane.

    Kravet om eit næringsfond er bra, men ein må ikkje gløyme miljøet.
    Midlar til fjerning av krypsiv burde vere eit krav

Leave a Reply