2002 – 2014

Ei gåve til komande generasjonar

Til minne5I meir enn 10 år he den vidgjetne Grønemyrkiosken vore ein av dei store turistattraksjonane i Setesdal i samband med påskefeiringa. Tusenvis av vegfarande he gjennom åra svinga innom Grønemyr for å fylle opp både lekam og sjel på deira veg mot hytteparadisa i Brokke og på Hovden. Eit kulturelt høgdepunkt, ein god latter, eit velsmakande måltid – og ein møteplass for gode vener, nære skyldfolk – og vilt framande. No er  Grønemyrkiosken historie. Siste året vart avslutta med redusert vareutval, mykje folk og ei velfyllt streikekasse.  Tusenvis av kroner som no vert øveført til komande generasjonar på ein heilt spesiell måte. Seremonimeister Jan Hodne tok seg av det praktiske i samband med gravferda. Han er den einaste på jordkloda som veit kor skattekista er gravlagt. ( foto: privat viltkamera )

 

 

 

Me stutte steg, og med ei tung bør under armen, er Jan på veg for å gravlegge kista med tusenvis av kroner. Ei gåve til komande generasjonar. Eit tidsvitne. ( foto: privat viltkamera )

Me stutte steg, og med ei tung bør under armen, er Jan på veg, langt til fjells, for å gravlegge kista med tusenvis av kroner. Ei gåve til komande generasjonar. Eit tidsvitne. ( foto: privat viltkamera )

 

Eit samrøystes styre i  L/L Grønemyrkiosken vedtok på generalforsamlinga, seint på nåtta den 17. mai, at heile streikekassa skulle gravast ned på ein hemmeleg stad. I ei solid og vasstett metallkiste, to meter under bakken – og med eit handskreve fylgjebrev, er no formuen godt skjult.
Vonleg vil ein av våre etterkomarar finne skatten ei gong i ei fjern framtida. Då vil dei kunne lese ein fyldig reportasje om Grønemyrkiosken, og dei vil dei samstundes ha nok penger til å invitere heile grannelaget til eit storslagent gjestebod.
På denne måten vil minnet om Grønemyrkiosken leve vidare i generasjon etter generasjon.

Det er berre Jan som veit kor denne staden er. Det einaste me veit er at skatten ligg gravlagt i Moi - eeller Tønsland røystekrins.

Det er berre Jan som veit kor denne staden er. Det einaste me veit er at skatten ligg gravlagt i Moi – eller Tønesland røystekrins. Det er heller ingen fare for at Jan skal røpe seg. Han er i ein alder kor han truleg he gløymt kor han  eigentleg he vore – så snart han he kome heim på trappa og fenge av seg gummistøvlane. ( foto: privat viltkamera )

 

Ei gåve tip komande generasjonar. ( foto: privat viltkamera )

Ei gåve til komande generasjonar. ( foto: privat viltkamera )

 

Ettertanke. ( foto: privat viltkamera )

Ettertanke. ( foto: privat viltkamera )

 

Reportasje frå Grønemyrkiosken 2014

 

Reportasje frå Grønemyrkiosken 2010

 

 

Leave a Reply