2002 – 2014

Risgrauten vert dyrare

EvjeheimenKommunalt budsjettarbeid handlar ikkje berre om å skjere ned på utgiftene. Minst like viktig er det å auke dei kommunale inntektene. På mange måtar to sider av same sak. I den førebuande budsjettprosessen i Evje & Hornnes kommune er det kome klåre signal på at kafeteriaverksemda på Evjeheimen så langt frå er nokon økonomisk gullgruve for kommunen. Her må omfattande tiltak setjast i verk for å redde den populære møteplassen. Mykje tyder på at det no vert ei kraftig prisauke på risgraut, komper og fiskegrateng som vert seld øve disk på Evjeheimen. Inntektene må opp. Eit anna sparetiltak, som du sjølv kan lese om i dei kommunale sakspapira, kan vere å leggje ned heile aktivitetsavdelinga på Evjeheimen. ( foto: moisund.com )

Leave a Reply