2002 – 2014

Vedtaket som vil endre Evje sentrum

GNT-I-~1Heradstyret i Evje & Hornnes møttes til ting på Evjemoen den 23. oktober. Dei 21 folkevalde gav ein samrøystes arbeidsordre til både rådmann, ordførar  og resten av administrasjonen om å setje i gong arbeidet med å byggje ei «miljøgate» gjennom heile Evje sentrum. Politikarane la inntil 11 millionar kommunale kroner i potten til eit arbeid som no skal syte for at det vert meir orden på trafikktilhøva gjennom sentrumsgata. Fleire parkeringsplassar, meir grøn plen, meir belegningsstein, flytting av vassfontena ved Sparebanken – og flytting av pylsebua. Arbeidet tek vonleg til så snart snøen forsvinn til våren, og når steinleggjarane, anleggsgartnarane, vegstellet – og Torgeir Slettefet  er ferdig med økta er det brått slutt på at du kan parkere bilen din på utsida av kvar einsskild butikk når du skal handle. I ei miljøgate er det fotgjengarane som skal prioriterast. Automobilen er eigentleg berre eit samfunnsproblem. ( foto: Alf Andersen )

Leave a Reply