2002 – 2014

Djupedal sine dagar kan vere talde

DjupedalDjupedal 1Når noverande fylkesmann i Vest-Agder, Ann Kristin Olsen, snart vert alderstrygda – er det ingen konkrete planar om å søkje etter hennar snarlege etterfølgjar. Regjeringa he, noko øveraskande, bestemt at det no skal tilsetjast ein felles fylkesmann for Aust-Agder og Vest-Agder. Denne ordninga vil tre i kraft frå 2016 og er sjølvsagt fyrste steget på den kronglute vegen mot eitt samla agderfylke. Eit viktig og målretta steg i heilt rektig retning. Dei tilsette i fylkesadministrasjonen mottok denne meldinga på eit obligatorisk allmøte fredag føremiddag. Som bilete syner så er fylkesmannen i Aust-Agder, Øystein Djupedal, noko tvilande til denne avgjersla. Snart stend nok den noverande fylkesmannen i Aust-Agder med kølapp i handa på eit eller anna NAV-kontor. Hans dagar som sendebod for Kongen  er så avgjort talde.  Oppgåva som fylkesmann for eit samla Agder vert truleg eit par nummer for stor for den tidlegare stortingsmannen. ( foto: moisund.com )

Leave a Reply