2002 – 2014

Kulturkveld ved mållaget

MållagslogoPressemelding: Mållaget i Evje og Hornnes arrangere kulturkveld i matsalen på Hornnes Vidaregåande skule torsdag den 20. november 2014, klokka 19.00. Bygland, Evje og Hornnes kulturskule skal stå for underhaldninga den kvelden. Kva dei skal opptre med veit me ikkje, men det blir garantert ei stor oppleving. Hovudtalar den kvelden er Jan Kløvstad, leiar av Bokbyen ved Skagerak. Han har ein imponerande bakgrunn. Han har bl.a. arbeidd som fylkessekretær i Noregs Ungdomslag, som forlagssjef i Noregs Boklag og marknadskonsulent i Det Norske Samlaget. Han har og vore sekretær for Alko-Kuttkampanjen, informasjonsjef i Venstre, direktør i Nordens Hus på Færøyane, politisk sekretær for sentrumspartia i Nordisk Råd, direktør for Grønlands Kulturhus – Katuaq i Nuuk i Grønland. Frå 1999-2009 var han kultur- og miljøsjef i Tvedestrand. Nå ville han ta turen til Evje for å delta på kulturkvelden vår. Han har garantert  mykje han kan tale om. Attåt detta vert det eit lite lotteri med fleire fine gevinstar og me servere kaffe og noko å bite i. Om alt gjenge som me er lova, vil me denne kvelden også ha Mållagskalenderen for sal. Her er der som vanleg mange bilete frå bygda vår. 

Leave a Reply