2002 – 2014

Tøffe innsparinger i Evje og Hornnes

DSC_0033Det er ikkje berre arbeidsstova på Evjeheimen som lever farleg dersom rådmannen sitt forslag til budsjett for Evje & Hornnes kommune vert vedteke. Meir enn 8 millionar kroner må sparast dersom rådmannen skal makte å sy i hop eit budsjett som er i tråd med dei politiske føringene han he motteke frå dei folkevalde i heradstyret. Oppseiinger av kommunalt tilsette, kleinare tenestetilbod for innbyggjarane, fjerning av landbrukstilskotet – og ein kraftig  reduksjon av tilskota til m.a. idrotten kan raskt verte den nye kvardagen for både honndølar og evjedølar. Det tykkjest såleis vere dei eldste – og dei yngste som vert hardast råka i dette budsjettet. Treningstilhøva på Hornnes stadion vert aldri dei same etter dette. Både Ida Marcusen og Bjørn Alfred Ropstad må no finne seg nye treningsarenaer. Idrottslaget er så langt blant taparane i det kommunale budsjettet for 2015. ( foto: moisund.com )  Les meir

Leave a Reply