2002 – 2014

Attende i politikken

KnutSjølv om han aldri he lagt politikken heilt på hylla er det mykje som tyder på at Knut Karlsen no klar for eit skikkeleg politisk come back. I fylgje ei melding på Facebook er den tidlegare plasskommandanten på Evjemoen nominert på ein sikker 2. plass på Arbeiderpartiet si liste til kommunevalet i Evje og Hornnes. Politiske motstandarar kan alt no førebu seg på meir enn eitt bikkjeslagsmål i heradstyret dei neste fire åra. Karlsen he aldri vore redd for å seie kva han meiner når dei politiske bylgjene slær inn over heradstyresalen. Ein uredd og frittalande politikar. I administrasjonen kan dei samstundes førebu seg på fire nye hektiske år. Knut Karlsen er godt kjend i brakke 84 på Evjemoen, kommunehuset, kor han tidlegare var ein mektig sjef med stjerner og slitekantar på skulderklaffane. No vert det garantert blåst nytt liv i korridorane i «Tåkeheimen.» (foto: moisund.com )

2 comments to Attende i politikken

  • sigmund skomedal

    Hei Colin.
    Kanskje ingen vits i å kommentere sleivspark frå ein som tydeleg har funne sin heim i ein «tåkeheim» i Sør-Afrika.
    Men likevel. Det er godt å sjå at AP nå fører opp ein «senior»-ein ung -70åring-
    på 2.plass på si liste! Me treng også den aldersgruppa i lokalpolitikken. Og denne -70 åringen er ein svært oppegåande samfunnsborgar, som er genuint
    oppteken av dei gode verdiane, fellesskapen og vår felles framtid. Det «pisset» du skriv, Collin, er sjølvsagt ein fleip-trur eg kjenner deg såpass-men det gav meg eit høve til å stø opp om dei unge og eldre, som vil vere våre talsmenn/ kvinner i politikken. Det er det engasjementet me må rose. Heia Knut!

  • colin Morgan

    From the Fog home in South Africa, Knut er en Hoegre mann som de fleste I forsvaret. Det er enkelt og bl medlem av AP kunn for og faar Makt:(

Leave a Reply