2002 – 2014

På veg til landsmøte

IMG_5547Når Nei til EU skipar til landsmøte i Oslo denne helga, er det ein talrik – og fagleg tung delegasjon frå båe agderfylka som legg i veg mot hovudstaden. Austegdene reiser i samla tropp, under leiing av den mektige byglendingen Olav Lidtveit. Magnar Nomedal frå Mandal er delegasjonsleiar for Vest-Agder.  Mari Katerås, frå parlamentet i Dåsvannsdalen,  representerer motstandsrørsla i Evje og Hornnes – på parketten på Hotell Bristol i Oslo.

 

Søstrene Katerås, busette i Dåsvannsdalen på Hornnes, høyrer til dei mest ihuga EU-motstandarane i vår landsdel. Mari (t.h.) vert denne helga å finne i tingsalen på ærverdige Hotell Bristol i Oslo. Landsmøtet i Nei til EU vil garantert take godt i mot Mari Katerås  Ei talefør jente - og ein god ambasadør for den lokale motstandsrørsla. ( foto: øystein moi )

Søstrene Katerås, busette i Dåsvannsdalen på Hornnes, høyrer til dei mest ihuga og trugne EU-motstandarane i vår landsdel. Mari (t.h.) vert denne helga å finne i tingsalen på ærverdige Hotell Bristol i Oslo. Landsmøtet i Nei til EU vil garantert take vel i mot Mari Katerås Ei fargerik og talefør jente, sterk i trua, stø som sjølvaste grunnfjellet – og ein særs  god ambasadør for den lokale motstandsrørsla. ( foto: øystein moi )

 

Sundag ettermiddag vert mykje truleg Katrine Kleveland vald til ny nasjonal leiar av Nei til EU. Me vågar å kalle Katrine for "halvt sørlending" - ho er tross alt godt gift med ein gut frå Finsland. ( foto: øystein moi )

Sundag ettermiddag vert mykje truleg Katrine Kleveland vald til ny nasjonal leiar av Nei til EU. Me vågar å kalle Katrine for «halvt sørlending» – ho er tross alt godt gift med ein gut frå Finsland… ( foto: øystein moi )

 

 

Leave a Reply