2002 – 2014

Det er alt 20 år sidan

EUI dag, den 28. november, er det nøyaktig 20 år sidan fleirtalet av det norske folk sa eit tydeleg nei til norsk medlemskap i EU. Sjølve folkeavrøystinga var eit prov på eit folkeleg opprør – og eit levande demokrati. Ei særnorsk og stillfaren folkerørsle.Sigeren var klår og tydeleg. Domedagsprofetane på JA-sida tok skammeleg feil. Dei spådde økonomisk undergang, armod og fattigdom – svelt og arbeidsløyse i kongeriket. Historia, dei siste 20 åra, fortel oss noke heilt anna. Noreg stend i dag fram som eit levande døme på den gode og trygge velferdsstaten, eit stødig og velutvikla demokrati, høgt utdanningsnivå, penger på bok,  eit velfungerande helsestell – ja beint fram verdas beste land å bu i. Aldri tidlegare he det norske folk vore meir avvisande til eit medlemsskap i den europeiske unionen enn kva dei er i dag.  Torbjørn Jagland & co tok skammeleg feil. Gratulerer med dagen.

Leave a Reply