2002 – 2014

Film frå Hardangervidda

Den ihuga naturfotografen og friluftsmannen Øyvind Eftevand he vore på tur på Hardangervidda. Måndag 01. desember kl 19:15 vitjar han bedehuset på Moi og vil syne fram ein film han tok i samband med denne fotturen. Det vert servert både kaffe og gjærbakst – og som det stend på programmet så er mannfolk i alle aldre hjarteleg velkomne. «Mannfolksamlingene» på Moi bedehus, som vert skipa til ei gong kvar månad, he synt seg å vere svært så populære for både moifolk, honndølar, krossinger – og evjefolk.

Leave a Reply