2002 – 2014

Ei reise til El Teide

Teide10Halv redaksjonen var sist veke på ein reportasjetur til Tenerife, ei Spank øy like utanfor Afrika sin vestkyst. Føremålet med turen var å sjekke ut kva verknad ei stigning på 3718 meter har på ein heller dårleg trent lekam. Dag Otto Lauritzen lurte i si tid sin gode kollega, Christian Ødegård, å sykle delar av denne ruta utan trent lekam. Eg tok turen til fots og starta opp jamt med vassflata i hamna på den lisle byen Puerto de la Cruz i nordre del av øya. Her var det strålande fint ver, men turen opp skulle snart syne at ting endrar seg fort i dette særprega landskapet. Frå palmetre nede ved havet til reine jungelen på rundt 1500 meters høgd. Så snart eg passerte 2500 meter var det berre størkna lava og snø å sjå. Her kan du sjå bilete frå turen.

Heile turen starta nede ved hamna i byen Puerto de la Cruz. Oppe til høgre kan du skimte sjølvaste El Teide.

Heile turen starta nede ved hamna i byen Puerto de la Cruz. Oppe til høgre kan du skimte sjølvaste El Teide.

Dei fyrste hundre metera med stigning kunne eg følgje asfaltert veg av høg standard.

Dei fyrste hundre metera med stigning kunne eg følgje asfaltert veg av høg standard.

Eg skulle ikkje kome lang før det vart veksling i naturtype...

Eg skulle ikkje kome lang før det vart veksling i naturtype…

...stadig tettare vegitasjon gjorde det vanskeleg å kome fram.

…stadig tettare vegitasjon gjorde det vanskeleg å kome fram samstundes som ei regnbyge gjorde med gjennomvåt

Teide4

Etter berre ei lita tid skein sola igjen. Veret skifter snøgt i dette stroket!

Framleis langt igjen til toppen...

Framleis langt igjen til toppen…

Etter kvart var det berre ørkenlandsakap som låg framføre meg.

Etter kvart var det berre ørkenlandsakap som låg framføre meg.

Etter kvart måtte eg ta i bruk alt eg hadde lært om klatring i klatreveggen i Otrahallen

Etter kvart måtte eg ta i bruk alt eg hadde lært om klatring i klatreveggen i Otrahallen

Toppen kjem stadig nærare

Toppen kjem stadig nærare

Medan turistar vart frakta opp i heis dreiv eg å forserte terrenget meter for meter opp mot målet.

Medan turistar vart frakta opp i heis dreiv eg å forserte terrenget meter for meter opp mot målet – El Teide!

Diverre gjekk eg tom for straum når eg kom inn i ein snøstorm rette etter at dette bilete er teke. Resten av turen gjekk for det meste i ein halv meter med snø i ei særs tunn fjelluft i ei høgde omkring 1300 meter høgare enn Noreg sin høgaste topp. Etter 14 timar nådde eg målet på 3718 meter, men eg tok heisen ned att….

1 comment to Ei reise til El Teide

  • Tom Krus

    Til å være så utrent som redaksjonen i moisund.com tross alt er, så er dette meget imponerende og på høyde med de best høydetrente journalister i Norges nettaviser…!

Leave a Reply