2002 – 2014

Bilruta rydder på lageret

Bilruta2Det er så visst ikkje noko ukjend fenomen at ulike verksemder rydder på lageret på denna tida av året – og samstundes skipar til eit skikkeleg nyårssal. Slik er det og hjå L/L Setesdal Bilruter. I desse dagar sel lutlaget unna to eigne verksemder. Dette gjeld heilt konkret turavdelinga tilhøyrande Birkeland Busser - og det gjeld ekspressbussbruta mellom Kristiansand og Stavanger, den såkalla Sør-Vest Expressen. Desse to verksemdene vert no  seld til transportselskapet  Boreal Travel AS. Det er Alf Reidar Birkeland, økonomisjef og nestkommanderande i lutlaget på Evje, som stadfester dette til moisund.com no i kveld. Birkeland seier det ikkje er nokon som helst dramatikk knyta til denne handelen. – I Arendal stend det no meir enn 100 brenn nye rutebilar, tilhøyrande Setesdal Bilruter, som ventar på å kome i trafikk i austfylket om vel 14 dagar. No he me fullt fokus på å få denne trafikkabalen til å gå opp, seier Birkeland som forsikrar oss om at det er travle dagar i hovudkvarteret på Verksmoen – men seier samstundes at alt er under kontroll få dagar før den nye kvardagen tek til.

1 comment to Bilruta rydder på lageret

  • Alf Reidar Birkeland

    Boreal Travel, Øystein. Problem med å tyde egne notater ? :-)

Leave a Reply