2002 – 2014

Det gode livet på landsbygda

08.mars 201408Eg svinga av fylkesvegen mellom Frigstad og Engesland. I grenseområda mellom kommunane Iveland, Birkenes og Evje & Hornnes. På vegskiltet, som peika mot ville skogen, stod det  Katerås – 1km. Heilt i uvissa fydde eg gardsvegen. Kva i all verda ville møte meg her inn i dei djupe skogane. Landskapet opna seg. Velstelte gardstun, liv på tunet, rauting i fjoset, varme kveitebollar – og så trivelege folk som du sjeldan møter. Eg kjem gjerne attende til Katerås.

 

Magne Mjåland. Pedagog, gardbrukar og industrileiar. ( foto: moisund.com )

Magne Mjåland. Adm.dir hjå Katerås Høvel ( foto: moisund.com )

Magne Mjåland helsar meg velkomen ute på gardstunet.
Inne frå fjoset høyrer eg rauting frå ein velfødd flokk med ammekyr. Det som tidlegare var hovudnæringa på Katerås er no for ei attåtnæring å rekne. Det er ikkje så beint å leve av husdyrhald på små bruk i Indre Agder.
Katerås er ikkje noko unnatak i så måte.

No pendlar Magne til jobben som lærar i byggfag på  den vidaregåande skulen på Hornnes. Han he fagbrev som tømmermann, og he såleis ein solid fagleg bakgrunn når han samlar elevane i klasseromet.

Det er på slektsgarden til kona, Berit, at Magne he slege seg ned i hop med familien.
Her lever dei det gode livet.
- Ikkje akkurat verdas navle. Langt frå det aller meste, seier Berit med eit lunt smil, medan ho serverer varme kveitebollar og anna velsmakande gjærbakst ute i verkstaden.
Det er gjestfrie folk på Katerås. Eg kjenner meg hjarteleg velkomen frå fyrste minutt.

Smilande og blid serverer Berit rykande varme kveitebollar ute i verkstaden. Ei feiande flott jente som tek i mot gjestane på aller beste måte. ( foto: moisund.com)

Smilande og blid serverer Berit rykande varme og stuttreiste kveitebollar ute i verkstaden. Ei triveleg jente som tek i mot gjestane på aller beste måte. – Velkomen til gards seier Berit med eit smil. ( foto: moisund.com)

 

Foto: moisund.com

Foto: moisund.com

På garden he Mjåland bygd seg ein moderne produksjonshall. Her held verksemda Katerås Høvel til.
Eit steinkast frå stoveglaset – kort arbeidsveg.
Trearbeid og sagbruksnæring he lange tradisjonar her på garden. Svigerfar til Magne, Kristen Katerås, dreiv sagbruk på garden i mange, mange år.

 

Foto: moisund.com

Foto: moisund.com

Her ute i verkstadhallen produserer Magne spesialprodukt av ulike slag. Kledning, listverk og golvbord slik kunden ynskjer det. Ikkje hyllevare hjå nokon som helst byggjeforretning. Slikt må du til Katerås for å finne.
Mange som skal restaurere hus og hytter, utvortes – eller innvortes, kjem til Katerås Høvel for å finne nettopp kva dei er på leit etter. Magne kan trylle fram det aller mete med hjelp av lang røynsle, ein moderne maskinpark – og interesse for solid handverk.
Du reiser garantert ikkje skuffa heim etter eit besøk hjå familien Mjåland på Katterås. Enten du skal ha ny kledning til våningshuset – eller du beint fram svinger innom garden for å smake på dei gode kveitebollane til Berit.
Me fann det gode livet, og dei umåteleg gilde folka, på landsbygda. På Katerås.

 

 

Leave a Reply