2002 – 2014

Då Kringkastinga vitja redaksjonen på Moi

DSC_0147Moisund.com for 5 år sidan:På mange måtar vert det ei ny tidsrekning i redaksjonslokala. Før- og etter Benedicte. Heile staben hadde pynta seg i sin finaste stas. Einskilde hadde vore hjå frisøren medan andre hadde handla seg nye klede og godlukt på flaske. Det var varsla storfint besøk på Moi denne føremiddagen. Sjølvaste NRK, kringkastinga, hadde bede om audiens på Gnr 24-Bnr 5. Rykta kom lenge før både kamera, mikrofon og reportar. Rykta fortalde oss at ei smellande fin jente- og ein skrapskodd TV-reportar var på veg. No skulle visst moisund.com konfirmerast ei gong for alle. Det var ei lett nervøs stemning i redaksjonslokala denne morgonen, midt i adventstida. Vandring fram- og attende i forstova. Me kikka på klokka, på mobiltelefonen – og ut or kjøkkenglaset. Minutta gjekk seint. Me slurpa i oss eit par liter med lunka traktekaffe og byrja ganske forsiktig på jolebaksten. Meltinga var i ulage.  Så kom Benedicte..Benedicte Goa Ludvigsen, frå NRK Sørlandet, synte seg å vere ei venesæl og gild jente. Sjarmerande- og med det rette glimtet i augo. Ho visste tydeleg korleis ho skulle mjukne godt utvaksne 50 åringer med høgt hårfeste og sterk tru på ei blømande framtid for moisund.com. Det vart ein gild føremiddag i redaksjonslokala på Moi, og resultatet kan du sjå ein eller annan dag på ditt eige fjernsynsapparat. Då me tok avskil ute på tunet, og Benedicte sette kursen heimatt mot Arendal, kunne me sjølve senkje skuldrene og sleppe ut magen. Ein lærerik føremiddag gjekk mot slutten. Det var tid for ettertanke.

DSC_0147

Stengt for kommentarer.