2002 – 2014

Ein krevjande kveld for tøffe gutar

Kursleiar Terje Refsnes. ( foto: moisund.com )

Kursleiar Terje Refsnes. Engasjert, tydeleg – og talefør.( foto: moisund.com )

Kvar einaste onsdagskveld samlast 20 veltrente, velfødde og velvaksne  menn til styrketrening og intervalltrening i gymnastikksalen på Evje skule. Hovudtrenar er den tidlegare lensmannsdrengen Harald Kleggetveit. Sist onsdag var gjengen samla til joleavslutning på «kinarestaurangen» på Verksmoen. Eit av mange sosiale høgdepunkt for den humørfyllde trimgjengen. Tysdag denne veka vart det skipa til fyrstehjelpskurs  og livredningskurs. Kursleiar var den særs taleføre evjeguten Terje Refsnes. Etter eit kraftig måltid med pizza, og tilhøyrande alkoholfri drikke, fekk gutane opplæring i å bruke elektrisk hjartestartar – og dei fekk øve seg i å blåse luft i ei halvnaken plastdokke som var både medvitslaus og utan naudsynt hjarterytme. Det vart etter kvart mange sterke scener i klasseromet på Evje skule.

 

 

Lekamen til bakaren, Arvid Pedresen, fekk greit plass på eit skrivebord. Arvid vart såleis prøvekanin under dei fleste av dei svært krevjande øvingane. ( foto: moisund.com )

Lekamen til bakaren, Arvid Pedersen, fekk greit plass på eit skrivebord. Arvid vart såleis prøvekanin under dei fleste av dei svært krevjande øvingane. ( foto: moisund.com )

 

Den tidlegare kraftverksjefen, Tor Langerak, sat på fyrste benk og fekk med seg alt som skjedde framme ved kateteret. ( foto: moisund.com )

Den tidlegare kraftverksdirektøren, Tor Langerak, sat på fyrste benk og fekk med seg alt som skjedde framme ved kateteret. ( foto: moisund.com )

 

Her er det instruktøren som freistar å få bakaren til å liggje roleg - på høgkant. ( foto: moisund.com )

Her er det instruktøren som freistar å få bakaren til å liggje roleg – på høgkant. ( foto: moisund.com )

 

Dag Odde kunne alt tidleg på kvelden stadfeste at dette var eit særs tungt pensum. Han glimta til noke seinare då det vart tale om elektriske hjartestartarar. Då var Dag meir på heimebane.  Elektrisk strøym er som kjent noke denne gilde elektriukaren kan det aller meste om. ( foto: moisund.com )

Dag Odde kunne alt tidleg på kvelden stadfeste at dette var eit særs tungt pensum. Han glimta til noke seinare då det vart tale om elektriske hjartestartarar. Då var Dag meir på heimebane. Elektrisk strøym, vekselstrøym, er som kjent noke denne gilde elektrikaren kan det aller meste om. ( foto: moisund.com )

 

Det synte seg å vere vanskeleg å få bakaren til å liggje i ro. Etter kvart måtte ein ha hjelp av Jan i Slettefet. ( foto: moisund.com )

Det synte seg å vere vanskeleg å få bakaren til å liggje i ro. Etter kvart måtte ein ha hjelp av Jan i Slettefet. ( foto: moisund.com )

 

Mange undra seg øve det glitrande antrekket til tidlegare oppsynsmann Egil Skaiaa. Han hadde pynta seg til jol. ( foto: moisund.com )

Mange undra seg øve det glitrande antrekket til tidlegare oppsynsmann Egil Skaiå. Han hadde pynta seg til jol. ( foto: moisund.com )

 

Tormod Kallhovd forsynte seg rikeleg av matfatet. ( foto: moisund.com )

Tormod Kallhovd forsynte seg rikeleg av matfatet. Både to – og tre gonger.( foto: moisund.com )

 

Tor Langerak og Svein Salve Lislevand la ned mykje arbeid i å lukkast i den praktiske bolken. Her var det ikkje rom for ågjere feil dersom ein skulle få med seg heim det høgthengjande diplomet. ( foto: moisund.com )

Tor Langerak og Svein Salve Lislevand la ned mykje arbeid i å lukkast i den praktiske bolken. Her var det ikkje rom for å gjere feil dersom ein skulle få med seg heim det høgthengjande diplomet. ( foto: moisund.com )

 

Her er me inne i ei kritisk og avgjerande fase av gjenopplivingsprosessen.( foto: moisund.com )

Her er dei inne i ei kritisk og avgjerande fase av den omfattande gjenopplivingsprosessen.( foto: moisund.com )

 

Harald Kleggetveit måtte ha hjelp av Jens Bjoraa for å få gjennomført den praktiuske delen av pensum. (foto: moisund.com )

Harald Kleggetveit måtte ha hjelp av Jens Bjoraa for å få gjennomført den praktiske delen av pensum. (foto: moisund.com )

 

Bakaren er eit grann i tvil om korleis han skal handsame denne røslege lekamen som ligg framføre han på golvet. ( foto: moisund.com )

Bakaren var eit grann i tvil om korleis han skulle handsame denne røslege lekamen Det vart mange tunge lyft før resultatet vart godkjent. – Det var som å velte på ein mjølsekk, sa Arvid. ( foto: moisund.com )

 

Når det gjeld den heilt avgjerande, og livreddande, munn-til munn metoden så var Arvid pedersen uslåeleg. I ein klasse heilt for seg sjølve. ( foto: moisund.com )

Når det gjeld den heilt avgjerande, og livreddande, munn-til munn metoden så var Arvid Pedersen uslåeleg. I ein klasse heilt for seg sjølve. Det er framleis mykje luft att i den vesle lekamen. Teknikken er sjølvsagt og heilt avgjerande for eit vellukka resultat. ( foto: moisund.com )

 

Tormod speit ein del med å få montert utstyret .. ( foto:moisund.com)

Tormod sleit eit grann med å få montert utstyret .. ( foto:moisund.com)

 

Sjølv om han brukte lang tid for å kome i gong - så er det ingenm som slær Tormod når det gjeld stil og entusiasme. Ein framifrå elev. Ein kursdeltakar av aller beste slag. ( foto: moisund.com )

Sjølv om han brukte lang tid for å kome i gong – så er det ingen som slær Tormod når det gjeld stil og entusiasme. Ein framifrå elev. Ein kursdeltakar av aller beste slag. ( foto: moisund.com )

 

Jens Bjoraa hadde på mange måtar sin eigen teknikk, men etter kvart fekk han fyllt opp plastdokka med meir enn nok luft. Jens fekk skryt av kursleiaren - og han fekk med seg heim diplom. ( foto: moisund.com )

Jens Bjoraa hadde på mange måtar sin eigen særeigne teknikk, men etter kvart fekk han fyllt opp plastdokka med meir enn nok luft. Han blåste lufta inn gjennom nåsa. Dette var det sjølvsagt ingen som hadde tenkt på tidlegare. Jens fekk skryt av kursleiaren – og han fekk med seg heim diplom. ( foto: moisund.com )

Leave a Reply