2002 – 2014

Adventsamling på Masi

Advent09Det vart ein tur kor berre dei aller tøffaste, og dei best trente, nådde toppen. Snøen lava ned, skodda låg tjukk i dalbotnen, det var holkeføre, teikn til vind – og knapt dagsljos. Meter for meter tok me oss nærare toppen av fjellmasivet Masi, i Evje & Hornnes kommune. Det har vorte ein tradisjon å samlast her opp den siste sundagen i advent. Kaffe i sekken, pepperkaker, adventsljos og bålkos. Me syng kristelege jolesongar, me tenkjer attende på året som lig bak oss, me minnast dei avlidne i røystekrinsen  – og me ynskjer kvarandre ei velsigna jolehelg og eit godt nytt år. Ei heilt spesiell stemning. Eg vel å kalle det for ekte jolestemning. 

 

Det vart vein tøff tur denne sundagen. Me møtte mange som måtte snu - og som var på veg nedetter lia. (foto: moisund.com )

Det vart ein tøff tur denne sundagen. Me møtte mange som måtte snu – og som var på veg nedetter lia i djupsnøen. (foto: moisund.com )

 

Det vartv reine jolekvelden for den røynde lastehoggaren Torgeir Moi då han fekk auge på denne ljosbeine furuleggen - raskt taksert til 2,4 kbm.  Prima vare. ( foto: øystein moi )

Det vartv reine jolekvelden for den røynde lastehoggaren Torgeir Moi då han fekk auge på denne ljosbeine furuleggen – raskt taksert til 2,4 kbm. Prima vare. ( foto: øystein moi )

 

Foto: moisund.com

Foto: moisund.com

 

Foto: moisund.com

Foto: moisund.com

 

Det var Signe Berge som leia allsongen. Ingen syng dei kjende og kjære jolesongane betre, og med klårare røyst, enn kva Signe gjer. ( foto: moisund.com )

Det var Signe Berge som leia allsongen. Sjølvsagt. Ingen syng dei kjende og kjære jolesongane betre, og med klårare røyst, enn kva Signe gjer. ( foto: moisund.com )

 

Bjørn Harald Hagen hadde gløymd brillene heime - han måtte stå ute i snøveret for å kunne lese teksta. Han fekk i alle fall med seg dei to siste versa - og refrenget. ( foto: moisund.com )

Bjørn Harald Hagen hadde gløymd brillene heime – han måtte stå ute i snøveret, ute i ljoset, for å kunne lese teksta. Han fekk i alle fall med seg dei to siste versa – og refrenget. ( foto: moisund.com )

 

Både Mette Eriksen (t.v.) og Torunn Bjoraa var båe med på å kaste glans øve denne gilde stunda. ( foto: moisund.com )

Mette Eriksen (t.v.) og Torunn Bjoraa var båe med på å kaste glans øve denne gilde stunda. ( foto: moisund.com )

 

Anne Torveig Moi. ( foto: moisund.com )

Anne Torveig Moi. ( foto: moisund.com )

 

Eldbjørg Hagen (t.v.) - og Anne Torveig Moi. (Foto: moisund.com)

Eldbjørg Hagen (t.v.) – og Anne Torveig Moi med attlatne augo. Det var tid for ettertanke. Adventsamling på Masi. Bjørn Harald Hagen hadde kveikja det 4. – og siste ljoset.  (Foto: moisund.com)

 

Signe hadde jamnleg kontakt med kjærasten Torleiv som sat heile i skulevegen 3 - og lengta etter kåna. Det gjekk i både Facebook og tekstmeldinger. ( foto: moisund.com )

Signe hadde jamnleg kontakt med kjærasten Torleiv som sat heime i Skulevegen 3 på Dåsnesmonen – og lengta etter kåna. Dette gjekk føre seg i både Facebook og  med tekstmeldinger. ( foto: moisund.com )

Foto: moisund.com

Foto: moisund.com

 

Foto: moisund.com

Foto: moisund.com

 

Eldbjørg vil med dette flotte bilete, av ei flott jente, sende ei jolehelsing til alle kjende. Både grannar, vener og skyldfolk øve heile landet. Ho sender og ei helsing til Jens Bjoraa som ikkje fekk vere med ut i djupsnøen. Han måtte vere heime  og støvsuge. I kjellarstova. ( foto: moisund.com )

Eldbjørg vil med dette flotte bilete, av ei flott jente, sende ei jolehelsing til alle kjende. Både grannar, vener og skyldfolk øve heile landet. Ho sender og ei helsing til Jens Bjoraa som ikkje fekk vere med ut i djupsnøen denne dagen. Han måtte vere heime og støvsuge. I kjellarstova.  Jula er ei tøff tid for mange.( foto: moisund.com )

 

 

 

 

 

 

Leave a Reply