2002 – 2014

Bålpylse og kaffi då ny basestasjon på Skarheia vart opna

Basestasjon Kittelstad1Folk som er busett i Linjord og på Kittelstad har dei siste åra missa meir og meir kontakt med omverda. Dei har ikkje på noko vis gjort forsøk på å isolera seg, men teknologien har diverre vorte fråverande i det lisle bygdesamfunnet. Det var før! No har dei opplevd eit teknologisk framsteg utan sidestykke. Medan dei fram til fyrste adventsljos var tend mangla båe internett, mobilsignal og fasttelefoni (hos einskilde), har dei no moderande 4G med ei signalstyrke utan sidestykke! Ein ny basestasjon på Skarheia vart offesielt opna berre dagar før jolefreda senkar seg over Linjord og Kittelstad. Ei ny mast på 24 meter med tilhøyrande hus syte no for at bygda no er ei av dei mest moderne i heile landet når det gjeld framtidsretta teknologi.

Ordførar Oddmund Ljosland klyppa snora som markerte ein ny tidsalder i den lisle grenda. Pål Henrik Lukashaugen (til venstre) og Dag Magne Hinna (til høgre) frå utbyggjarselskapet Telenor, var samde i eit dette var ein stor dag.

Folketalet på Linjord og Kittelstad er i rask vekst og mange hadde teke seg fri frå arbeidet denne dagen for å markere framskrittet.

Folketalet på Linjord og Kittelstad er i rask vekst og mange hadde teke seg fri frå arbeidet denne dagen for å markere framskrittet.

Nygrilla pylse på bål høyrer sjølvsagt med når ei slik hending skal markerast.

Nygrilla pylse på bål høyrer sjølvsagt med når ei slik hending skal markerast.

Dei frammøtte fekk endog ei innføring i korleis utstyret inne i bua fungerar.

Dei frammøtte fekk endog ei omvising og ei innføring i korleis utstyret inne i bua fungerar.

For Gunvald og Gerd Linjord var dette ein merkedag. For Gunvald vil det vere naudsynt å få bytt ut sin gamle Motorola frå byrjinga av åtti talet, men det får så vere om ein vil fylgje utviklinga. Snart er nok denne guten og å sjå på fjæsboka - beinvegs og direkte frå stova i Linjord!

For Gunvald og Gerd Linjord var dette ein merkedag. For Gunvald vil det vere naudsynt å få bytt ut sin gamle Motorola frå byrjinga av åtti talet, men det får så vere om ein vil fylgje utviklinga. Snart er nok denne guten og å sjå på fjæsboka – beinvegs og direkte frå stova i Linjord!

Leave a Reply