2002 – 2014

Kan rydde veg for kronprinsen

Dagrun Eriksen 01Det he lenge svirra meir eller mindre truverdige rykte, i hovudstaden – og i pressekrinser, om at  Dagrunn Eriksen vurderer å trekkje seg attende frå rikspolitikken. Kristiansandsjenta er som kjend nestleiar i KrF og mange spør seg om Knut Arild Hareide alt no må sjå seg rundt etter ein ny nestleiar. Ein kronprins. Då er det liten tvil om at vegen mot partitoppen ligg temmeleg open for Moi-guten Kjell Ingolf Ropstad. Mykje skal gå riv ruskande gale om ikkje ordførarsonen, frå Moisund austkant, snart vert å finne øvst i den nasjonale partileiinga. Partiet slit med å halde seg på rett side av den trugande sperregrensa – og ingen frå Krf  he så langt i denne valperioden fenge utdelt nøkkel til regjeringskontota.  Mange vil ha det til at Kjell Ingolf ynskjer seg eit nytt nøkkelknippe – i jolegåve…. (foto: moisund.com )

 

Både kronprinsen og partileiaren studerer det politiske uspelet som i dag vart kringkasta på Moisund.com. Ingen av dei to gutane var i føremiddag tilgjengelege for kommentar.

Både kronprinsen og partileiaren studerer det politiske uspelet som i dag vart kringkasta på moisund.com. Ingen av dei to gutane var i føremiddag tilgjengelege for kommentar. Det gjeng no føre seg eit politisk spel, på høgt plan, i KrF. (foto: moisund.com / Oslokontoret)

Leave a Reply