2002 – 2014

God jol

NissenMedan jolefreden er i ferd med å senkje seg, – og lukta av nysteikt ribbe er i ferd med å spreie seg i heimen, vil me nytte høvet til å ynskje våre trugne lesarar ei velsigna god jolehøgtid. 4000 – 6000 personar les moisund.com kvar einaste dag. Året rundt. Lesarane fordeler seg jamnt på meir enn 150  ulike land på kloden. Afghanistan, Kenya, Turkmenistan, Åpåsland, Iran og Ukraina medrekna. Moisund.com he i skrivande stund registrert lesarar frå alle kjende verdsdelar på jordkloda. 

Hardt arbeid, dag og natt, i 13 kalenderår he lært oss at det gjerne er dei små lokale nyhenda som vekkjer mest åtgum hjå lesarkrinsen. Hjå ålmenta.

Tekning-ØysteinDet syner seg ofte å vere t.d. eit fargebilete frå ein basar i Dåsvannsdalen – eller eit naturbilete frå Sveindal som fær flest treff på moisund.com.

Me er difor svært takksame for alle bilete, lesarbrev og brennheite nyhendetips som kvar einaste dag tikkar inn på EDB-maskinen i redaksjonslokala.

Dette gjer arbeidet mykje lettare for to aldrande bladfykar med fast, løna arbeid utanfor heimen.  Den eine i Åseral – den andre i Kvadraturen.

Stundom fær me tips om alvorlege ulukker, dramatiske og triste hendinger i nærmiljøet – og personlege tragedier av ulike slag. Tida he lært oss at dette ikkje er turvande stoff for moisund.com.Det er ikkje dette lesarane våre ynskjer å lese om på skjermen.  Tvert om. Slike hendinger lyt andre media take seg av. Me skal, så langt det let seg gjere, spreie dei gode historiene, dei flotte bileta – og det lune smilet,  ut til resten av verda.

Tekning-Odd-Helge

Det siste året he det og vorte ei voldsom auke i etterspurnaden etter annonseplass når det gjeld kunngjeringer under fana ”Kva skjer ” på moisund.com. Tilbodet om gratis annonseplass på ein stad kor 4000 – 6000 personar ser annonsa kvar einaste dag, i opp til to veker, bør sjølvsagt vere etterspurd, – og vel så det.

Etterspurnaden auker for kvar einaste dag.
Her er penger å spare for både lag, foreninger, organisasjoner- og for botnskrapa kommunale pengeskrin. Dette er eitt av våre bidrag til det friviljuge arbeidet i bygda.
Avisannonser he som kjend ikkje ord på seg for å verte rimelegare for kvart år …

No er tida mogen for at du kan du skreie på deg blådressen, knyte slipset, opne jolepakkene , slurpe i deg både ribbefeitt, tomtebrygg, riskrem og linjeakevitt .
Jola er ei fantastisk tid for dei aller fleste av oss.
Bruk no dei komande dagane til å slappe av i stova. Med godt samvet.
Lat jolefreden senkje seg over bygd og by.
Kvilepuls og sjelefred er helsebot for heile lekamen.
Tak omsut for dine næraste, ring ein god ven – og send gjerne eit jolebilete , eller ei joleforteljing til moisund.com
Ei joleforteljing som, i løpet av få minutt, vert lest over heile verda….
Eit jolebilete som, i løpet av få minutt, vert å sjå på ein datamaskin hjå ein ukjend ven i Sør Afrika – eller lasta ned på eit lesebrett på 79.th Street, Manhattan, New York.

God jol !!

 

Stengt for kommentarer.