2002 – 2014

Hemmlege planar om kommunesamanslåing frå 2002

KommunesamanslåingFrå arkivet jola 2002: Det stunder mot eit nytt kommune – og fylkestingval.  Sterke krefter i Åseral og Hornnes samarbeider no med målsetjinga er heilt klår – og utvetydig: Samanslåing av Hornnes og Åseral. Ein ny, frittståande kommune. Kartet syner korleis ein kan tenkje seg den nye kommuneinndelinga, og det er klart at Otra peker seg ut som ei høveleg og naturleg grense mot aust/vest. Bygland Aust bør sjølvsagt slå seg i hop med Evje. Reint forsvarspolitisk så er den prosessen alt komen langt. Heimevernet i dei to bygdene har truleg konkrete planar om å slå seg i hop. Generalane har lenge sett behovet for tettare samarbeid på austsida av åna.  Bygland har ein økonomi som stend til stryk hjå ein kvar revisor, og treng sårt friske midler utanfrå. Evje har nå eit magasinert overskot av både personell og bygningar som utan problem kan utnyttast i eit samarbeid med fattigkommunen lenger nord i dalen

Nystarta Evje Utvikling vil snarleg tilføre bygda etterlengta millionar av nye kroner – eller kanskje det vert Euro. Planar og luftslott er aldri mangelvare i det kommunale byråkrati. Det er truleg slikt som må til for å halde livsmotet oppe, når økonomien er heilt nede…..

Det har som kjend alltid vore nære – og tette bånd mellom Åseral, Hornnes og Bygland Vest. Både Hornnes og Åseral tilhøyrde i eldre tider gamle Mandal amt, medan Evje sokna austover til Nedenes amt. Eit heilt anna lynne, og eit heilt anna folkeslag.  Alt i året 1995 vart Heimevernsstyrkane i Åseral og Hornnes samla under felles kommando. Dette på grunn av felles opphav og felles interesser. Når det gjeld noke av det viktigaste for mange, nemleg elgjakta, ja så har desse to bygdene same jakttidene for elg. Evje har andre jakttider, og fell dermed utanfor det sosiale, forpliktande fellesskapet som elgjakta er – og skal vere.  Åseral peiker seg ut som det naturlege kommunesenteret for Åseral, Hornnes og Bygland Vest.

Evje vert truleg administrasjon – og handelssenter for Evje og Bygland Aust.  Økonomisk så vil Evje og den nye storkommunen mot nord-aust truleg få eit svært gunstig utgangspunkt. Den nedlagte militærleiren på Evjemoen skal dei få behalde sjølv, heilt utan krav frå broderfolket i vest. Den noverande rådmannen i Bygland vert snart pensjonist og kommunen vil då   truleg på ny få oversikt over økonomien.Evje slepp å tenkje på vegvedlikehald på Moi, Hannåsfeltet, Åpåsdal og andre stader som synast å vere ein klump rundt foten på einskilde i administrasjonen.

Medan Hornnes tek med seg Otrahallen og Moi skule inn i sitt nye imperium så burde det vere nok av hallar å take vare på innanfor leirområdet på Evjemoen.  Når det gjeld samferdsel så er allt vegstellet i gong med å prosjektere ny veg mellom Hornnes og Åseral. Den såkalla ” fjellinjen ” mellom Flystveit og Dåsvatn er svært aktuell.  Ein ny 3 felts motorveg på omlag 3 km kan stå klar alt i 2005, heilt utan bompenger. Dei nye bomstasjonane i austregionen vert   ståande som eit monument over feilslått kommuneøkonomi, og manglande kommunalt demokrati.

Slikt er totalt ukjend i eit samarbeid med staute åsdølar. Eit folkeslag ein kan stole på både i fest – og til kvardags. I sorg og i glede. Det vert au rekna på ein ny veg mellom Egså og Matkroni. Eit noke lenger alternativ, men i fylgje vegstellet skal dette vere ei rimeleg løysing, utan omfattande tunnelarbeid. Samstundes vil dette alternativet knytte i hop to eksisterande hyttebyar, og den gamle skysstasjonen ” Bjørnekroa ” vil truleg få eit nytt og fruktbart liv. Mellom Langeid i Setesdal og Bortelid har det i ei årrekke vore konkrete planar om vegsamband. Denne vegen kan no lett betalast med hjelp av kraftpenger. På denne måten slepp ein unna bompenger også her. Åseral kommune mottok nemleg så seint som 4.desember, inneverande år, 90 mill. kr frå salg av kraft-aksjer.

Det einaste Åseral / Hornnes krev å få med seg frå den gamle koallisjonen er den noverande rådmannen i Evje & Hornnes. Denne karen har synt seg å vere utruleg dugande, uredd, framsynt – og klårtenkt.  Ein vetug mann med slike kvalifikasjonar finn ein truleg ikkje i korkje Hornnes eller Åseral. Når rådmannen ein dag må under torva, vil ein skru i hop ein bauta – og reise denne på Staven.Det høgaste punktet mellom Hornnes og Åseral, med utsyn over båe dalføre. Her kan ein tenkje seg ein framtidig park for avlidne storleikar av ymse slag.

Når det gjeld kommuneadministrasjon, kommunestyre, vegbommar nedlagte forsvarsanlegg, pensjonerte offiserar m.m. vert det ikkje på noke vis gjort krav om noke slag av erstatning eller kompensasjon. Einskilde institusjonar lyt ein berre kvitte seg med – utan kamp og munnhoggeri. Svært mykje av dette har liten –eller ingen nytteverdi for den nye kommunen i vest.  Truleg vil ein spare millionar kvart einaste år dersom ein kunne kvitte seg med slikt. Straks på nyåret vert det lagt ut underskriftslister slik at ein i god tid føre valet kan skipe til ei Bygdeliste. Lista vil ikkje innehalde kommuleringer korkje når det gjeld personar, kjønn eller seksuell legning.

Dåsnest peiker seg heilt naturleg ut som det nye handels – og kommunikasjonssenteret i vest. Her finn ein alt i dag butikk, postkasse, restaurant, bensinstasjon, dekkomsetning vidaregåande skule, og eit sjeldant aktivt – og effektivt nyhetsbyrå. Bygdelista vil truleg etablere eit kontorsenter i Dåsneset, straks valkampen tek til. Interesserte vert beden om å kontakte valkomiteen i Åseral eller Hornnes.

Med dei beste ønsker om ei fredeleg jolehelg – og eit godt valg!!!

Kart

Leave a Reply