2002 – 2014

Vere 70 år i romjul

oddbjørn1-300x2761Oddbjørn Aardalen er fødd og alen i Vennesla. Han er utdanna ved Norges Landbrukshøgskule og he heile sitt vaksne liv arbeidd innanfor skogbruket. Oddbjørn Aardalen bur i dag på slektsgarden Skjervedal i Vennesla. Han er i dag rekna for å vere ein av våre aller største poetar på nasjonalt plan og he gjeve ut fleire diktsamlinger på m.a. Setesdslsforlaget. Aardalen er ein ihuga lesar av moisund.com, og stundom fær me tilsendt nokre heilt spesielle bidrag till nettstaden.  Bidrag, dikt og prosa som i fylgje alle våre tilgjengelege statistikkar vert lest av utruleg mange fylgjessveinar, i inn – og utland.I denne julesendinga gjer Oddbjørn seg nokre tankar kring det å vere 70 år i romjula.

 

 

VERE 70 ÅR I ROMJUL

Vere romjul i eit hjarte
vere hjartets romjulsslått
vere barnefantasier
i ei verd i kvitt og blått

Vere minnemelodier
vere barnetrumusikk
vere 70 romjulsår
med djupblått barneundringsblikk

Vere open dagbokside
vere han som ho bed inn
finne tida som har gått
som ligg og skin på pulten min

Vere frostklar, høyre tanken
lik eit blad som fell og fell
vere romjuldagbokbladet
som skal skrivast nå i kveld

 

 

 

 

 

Her kan du sjå eit opptak frå nokre år attende då ordkunstnaren Oddbjørn Aardalen vitja «Ditkets Venner»i Skien

1 comment to Vere 70 år i romjul

Leave a Reply