2002 – 2014

Joletrefest i Krossen

Jolebasar Krossen 2014-04Av Helge Stokkeland: Tradisjonen tru arrangerte søndagsskulen joletrefest i Krossen 4. joledag. Eit 50-tals personar i alle aldre møtte fram i finstasen, med medbrakte småkaker og jolegodt i skreppa. Alle born hadde også med ei pakke som leverast inn for så å bli levert ut på slutten av festen. I år var det sokneprest Kjell Steinbru som heldt andakt. Etter kaffi og kaker og eit par leikar, var det joletregang med song og dans for store og små i skjønn forening. Festen blei avslutta med gåveutdeling og sang av Deilig er jorden.

Leave a Reply