2002 – 2014

Nytt storfengsel på Jåddan i Hægebostad

FengselKampen om lokalisering av eit nytt storfengsel på Sørlandet når stadig nye høgder. Eit nytt storfengsel vil raskt rekruttere 200 statlege arbeidsplassar Det teiknar seg likevel eit stadig klårare bilete av at det nye fengselet vert lokalisert i nærleiken av hovudferdselsåra E 39 / E 18. I nærleiken av domstolane, i nærleiken av politistasjonane  – og i nærleiken av naudsynte offentlege tenestetilbod. Ein justisminister frå FrP driv så avgjort ikkje med distriktspolitikk. Det gjer heller ikkje ei blåblå regjering som he sett seg som mål å effektivisere og rasjonalisere det aller meste innanfor offentleg sektor. Då vert det på mange måtar heilt meiningslaust, berre å tenkje på, å frakte hundrevis av innsette til eit fengsel milevis inn i landet. Inn i djupsnøen. Til Evje – eller til Jåddan i Hægebostad. Draumen om lokalisering av eit nytt storfengsel plassert i Indre Agder er like lite truverdig som plananane om etablering av eit nytt kjøpesenter, med tilhøyrande rulletrapp og parkometer, på Åpåsland i Evje & Hornnes kommune. Eller på Fjælestad. På Jåddan i Hægebostad lever framleis håpet.

Leave a Reply