2002 – 2014

Ordføraren

Iveland5-Hei moisund.com, he dykke lyst på kaffe og ostekake. Eg spanderer. Det er laurdag føremiddag. Ordførar Gro Anita Mykjåland kvitrer i mobiltelefonen. Ingen bladfyk i verda kan seie nei til eit slikt tilbod. Åkle – landsbyen attmed Birketvittjønna er truleg noke av det mest urbane du finn i indre Agder. Kjøpesenter, kolonialbutikk, bibliotek og kafeteria med velsmakande rettar av alle slag. Mat, kultur og det gode livet. Hand i hand. Gro Anita svinsar rundt i lokalet og helsar venleg på alle som kjem innom. Ho er stolt av bygda si. Stolt av Åkle – og stolt av sine sambygdinger som støtter heilt og fullt opp om dette nye, urbane prosjektet. Ho er godt  nøgd med eit framifrå  samarbeid med moisund.com. Ein viktig informasjonskanal for det omfattande og mangfaldige kulturarbeidet i Iveland kommune. Iveland he fått eit lyft ingen trudde var mogleg. Me gaflar i oss ostekaffe, drikk nykverna kaffe – og nyter stunda i landsbyen. Landsbyhøvdingen – og eg.

 

No slepp ungjentene å reise til Vennesla - eller Evje når dei skal treffast øve ein kopp kaffe og utveksle sisyte nytt frå grannelaget. Denne gjengen hadde det i allefall himla moro på den nye kasffestova i Iveland. Plent som i byen. ( foto: moisund.com )

No slepp ungjentene å reise til Vennesla – eller Evje når dei skal treffast øve ein kopp kaffe og utveksle siste nytt frå grannelaget. Denne gjengen hadde det i allefall himla moro kring langbordet på den nye kasffestova i Iveland. Plent som i byen. Her diskuterer dei livleg om dei skal satse på full jolemiddag – eller om dei skal prøve seg på eit assortert utval frå kakedisken.  Me røper sjølvsagt ikkje resultatet av denne avrøystinga ..( foto: moisund.com )

Dei fyrste planane om eit nytt sentrum i Iveland kom på bordet så tidleg som i 2006. Ein ihuga gjeng med 14 ungdomar var dette året elevar på ein sumarskule i bygda. Ei av oppgåvene dei fekk var å kome med konkrete forslag på korleis dei ynskja seg Iveland sentrum i framtida. Det kom mange gode, konstruktive forslag på bordet. Det var samstundes ingen tvil om at ungdomen sakna ein møteplass i bygda. Det vart på det næraste samrøystes vedteke.

Arbeidet frå desse ungdomane vart teken med i den vidare planleggjinga – og i 2009 kunne dei folkevalde, med god ryggdekning frå bygdefolket, take til med den politiske handsaminga.  Ballen tok til å rulle, mange hindringer vart rydda or vegen – og i dag ser me resultatet. Fantastisk.
Moderne kjøpesenter, 8 innflyttingsklåre leiligheter i andre høgda, parkeringskjeller under nybygget – og på utsida driv entrepenørane på for fullt med det som etter kvart skal verte 38 nye leiligheter. Her vert det parkområde, grøne hageflekkar, fargerike blomebedd og solide trebenkar kor staute ivelendinger kan kvile lekamen på fine sumarkveldar.
- Her vert det bilfritt, seier Gro Anita. Ho ynskjer ikkje å gjere same tabben som dei he gjort på Evje – der er heile sentrum omgjort til ein stor asfaltert parkeringsplass. – Slik skal me så avgjort ikkje ha det i Iveland.

Kulturkalenderen i Iveland tykkjest vere smekkfull. Det skjer noko omtrent kvar einaste dag - og kveld. ( foto: moisund.com )

Kulturkalenderen i Iveland tykkjest vere smekkfull. Det skjer noko omtrent kvar einaste dag – og kveld. ( foto: moisund.com )

 

På butikken " Tuvas såpe og interiør" møtte me desse to flotte jentene - i full gong med førjolshandelen. F.v. Yvonne Engen og Anne Thortveit. ( foto: moisund.com )

På butikken » Tuvas såpe og interiør» møtte me desse to flotte jentene – i full gong med jolehandelen. F.v. Yvonne Engen og Anne Thortveit. ( foto: moisund.com )

Med eit snaut år igjen av ordførarperioden er Gro Anita meir engasjert, og meir optimistisk på bygdas vegne enn nokon gong tidlegare. Denne veka vart ho nominert på fyrsteplass på Senterpartiet si valliste til kommunevalet neste år. Spør du oss så må det nærast eit politisk jordskjelv til dersom Gro Anita Mykjåland må levere frå seg ordførarkjedet, og nøkelen til kommunehuset ,i september 2015.

Gjennomføringa  av landsbyprosjektet, byggjinga av Åkle, er nok det prosjektet ho er mest nøgd med å ha vore med på å gjennomføre i sin fyrste ordførarperiode. – Dette hadde likevel ikkje vore mogleg å gjennomføre utan solid støtte, solid ryggdekning, hjå mine sambygdinger, seier ordføraren.
Ho ynskjer ikkje på nokon måte å framstille dette som noko soloprosjekt, og understrekar at dette er eit prosjekt som heile bygda stend bak.

Med fast sete i Senterpartiet sitt sentralstyre he Gro Anita stutt veg til korridorane kor dei viktige avgjerslene vert teke. Avgjerslene som er viktige for ei vidare, positiv utvikling for Iveland. ( foto: moisund.com )

Med fast sete i Senterpartiet sitt sentralstyre he Gro Anita stutt veg til korridorane kor dei viktige avgjerslene vert teke. Avgjerslene som er viktige for ei vidare, positiv utvikling for Iveland. ( foto: moisund.com )

Målet må sjølvsagt vere at Iveland kan halde fram som eigen sjølvstendig kommune. Ho smilar varsamt. Vågar ikkje møte augo mine. Kikar ned i kaffegruten.
Ja, he du verkeleg tru på dette spør eg.
Sjølvsagt veit ivelandsordføraren at dette berre er ein drøym. Framtida ser ikkje slik ut. Dette gjeld anten du spår i kaffegruten, les horoskopet – eller er nær ven med Trygve Slagsvold Vedum.
Det er heilt andre prosessar som styret framtida i kommunenoreg. I Iveland medrekna.
-Den dagen det kjem melding om tvangssamanslåing av kommunane – ja då skal me vere godt førebudd seier Gro Anita og innrømmer samstundes at planarbeidet er i gang.

Bjørn Ropstad, ordføraren i Evje & Hornnes, lever stundom i ein eigen drøymeverden. I si eiga såpeboble. Han ynskjer å verte borgarmeister for heile dalen – og det kjem sjølvsagt aldri til å skje. Det er berre å slå fast, fyrst som sist, at Evje er for liten til å verte storebror for heile Setesdalen.
Eg skulle så gjerne sett ein storkommune for indre Agder. Ei samanslåing av Vennesla, Iveland og Evje & Hornnes. Ein kommune med 20 000 innbyggjarar villle så avgjort verte ei viktig brikke når dei store puslespela skal leggjast dei neste åra.

– Bjørn er ikkje samd med meg i dette. Han ser nordetter dalen. Han ser mot Bygland og Valle. Eit håplaust og fåfengt prosjekt. Eit puslespel utan brikker. Ein drøymeverden ho ikkje bruker mykje tid på.

38 nye bustader, parkområde, livskvalitet på blå resept, bilfritt sentrum og auke i folketalet. Iveland lyfter seg mot nye høgder. Entrepenørane jobber nær sagt heile døgeret. Folk vil flytte til Iveland. ( foto: moisund.com )

38 nye bustader, parkområde, livskvalitet på blå resept, fisk i Birketveittjønna, bilfritt sentrum og auke i folketalet. Iveland lyfter seg mot nye høgder. Entrepenørane jobber nær sagt heile døgeret. Folk vil flytte til Iveland. ( foto: moisund.com )

Tidlegare ordførar i Iveland, Ole Magne Omdal, hadde som ei kommunal målsetjing at folketalet i Iveland skulle passere 1500 i kalenderåret 2015. Den kalkylen sprakk. No er lista lagt eit grann lågare.
Ole Magne er ikkje lenger i økslefør alder. Slikt kroppsleg arbeid lyt neste generasjon take seg av. Sjølv he han flytta til byen – og han he på mange måtar lagt desse tankane på is.
Dagens ordførar kan likevel, utan atterhald , fortele at det no er stor etterspurnad etter bustader i Iveland for folk i aldersgruppa 60+.
No søkjer desse eit høveleg og teneleg tilbod i heimbygda – og slepp såleis å flytte til Vennesla. På Åkle er det stutt veg til butikk, kaffestove, posthus, bibliotek, kyrkje, bedehus og røyrleggjar. Bilen stend trygt parkert.Varmt og godt.Under jorda.

Eit signalbygg. Sentralt i Indre Agder. Sentralt, og midt i, ein ny storkommune. (foto: moisund.com )

Eit signalbygg. Sentralt i Indre Agder. Sentralt, og midt i, ein ny storkommune. (foto: moisund.com )

 

Største arbeidsplassen i Iveland er vassfabrikken Voss, på Vatnestrøm. 52 årsverk syter for at 3200 trailerlass med reint kjeldevatn kvart år triller ut frå Vatnestrøm – med kurs for den store globale marknaden. Kundane finn dei i 52 ulike land, fordelt på heile kloden.
Verksemda kan notere seg for ei omsetning på omlag 60 millionar dollar i året.
Snart vert det vonleg nytt jernbanespor inn til vassfabrikken. Dette vil spare lokalmiljøet for ei stor miljøbelastning. Logistikken vert meir effektiv – og meir i pakt med gjeldande miljøkrav.
Både fylkeskommunen og Jernbaneverket he opna lommeboka

Voss er verksemda som dei fleste ivelendinger ikkje talar høgt om – og  verksemda som dei fleste på Agder ikkje ei gong he peiling på kor er lokalisert i landskapet. Ei anonym verksemd, både lokalt – og i media.
Dette ynskjer ordføraren å gjere noke med. Snart skal det skipast til ein «open dag» på vassfabrikken, kor bygdefolk, bladfykar – og andre nyfikne med eigne augo kan sjå kva dette eigentleg er. Kva som skjuler seg bak den grå murfasaden.
Nyleg var sjefen for heile Voss-konsernet på vitjing på Vatnestrøm  Han tok reisa heilt frå Manhattan. Amerika. Ikkje utan grunn.
Noko er på gang, i fylgje Gro Anita Mykjåland. Her skal det satsast for fullt. Kjeldevatn, flaskevatn, frå Iveland skal spreiast til ein kvar avkrok i heile verda.
Ivelendingene he så uendeleg mykje å vere stolte av. Ivelendingene må sjølve vere sine eigne ambasadørar. Anten det gjeld den nye matstova på Birketveit, vassfabrikken på Vatnestrøm – eller det gode livet attmed Birketveittjønna.
Vassfabrikken he så avgjort sett Iveland på verdskartet – ivelendingene he berre ikkje vore gode nok i si eiga interne marknadsføring.  Ikkje gode nok til å spreie denne bodskapen, forteljinga om dette lokale industrieventyret, ut blant folk flest. Historia, og framtida, for dette industrieventyret må spreiast ut på misjonsmarka. Ut til kundane. Ut til folk flest.

Kanskje dette kunne vere ein høveleg jobb for Ole Magne Omdal, no som han ikkje lenger er i økslefør alder. Han he flytta til byen. Nærare kundane. Nærare den internasjonale marknaden. Slik kan han kanskje nå målet om at folketalet skal vekse til 1500 innbyggjarar i Iveland i 2015… ( red.mrk.)

 

Leave a Reply