Folkefest attmed Otras elvebreidd!
Som tidlegare år var det stor oppslutnad omkring
årets tevling innan elvepadling. Sjølv om det var regn i lufta så hadde
det samla seg mykje folk for å heia fram sitt lag i tevlinga som gjeng
ut på å padle motstraums i ei rafteflåte med innlagde øvingar. Alle
startar samstundes frå Odden Camping og med 7 personar i kvar si flåte
så gjeld det å ta seg fram til mål ved Dølen Hotel. Dei må fylgje ei
løype og må ved fleire høve sende folk på land for å løyse ulike
oppgåver.

Tryggleiken for deltakarene tok Bjarte Frøysnes seg av medan Jon Løyland
passa på kofferten med premiepengane...

Jerry Remme hadde permisjon frå sjukesenga og fekk lov å halde
brannslangen og Nils Thomas Hannås tok seg av frakting av rafteflåter

Strømsli leia oppvarminga til det kommunale laget. Her fekk ein sjå kva
som budde i denne kroppen...

Evje Taekwondo klubb gjekk sigrande ut av tevlinga.

Helge`s G-Spot vart nummer to og Fragglene Hopp Team tok tredjeplassen.
Sjå fleire bilete frå tevlinga her (trykk på
bileta for å endra storleik)
