Korleis vert DU sponsor?

Boblebad og hagebasseng

Kan raskt verte ei bakteriebombe !


Arnfinn(10) og Andrine (9) kosar seg i bassenget  i hagen. Her er det krystallklart vatn og minimalt med ”basselusker”.

For få år sidan fann ein ei trampoline i mest kvar einaste hage eller kvart einaste gardstun. No er denne trenden på retur og vert meir og meir øveteken av små og store hagebasseng. Det er ikkje uvanleg med elektriske boblebad eller vedfyrte badestampar både i heimen – og på hytta. Born i alle aldre boltrar seg på plenen i oppblåsbare basseng med storleik frå 1000 – 10 000 liter vatn. I slike vasskulpar er god hygiene og rett kjemikalieballanse ein føresetnad for ein lang og lukkeleg sumar.Dersom det vert slurva med reinhaldet i slike basseng vil du snart verte eigar av ei skikkeleg brutal bakteriebombe.

Ronny Madsen hjå Odde Sagbruk på Evje satsar no på fullsortiment av bassengkjemiklalier. Dette er ikkje noke komplisert fagområde men det er heilt naudsynt. I ei såkalla ”startpakke” leverer Madsen det du treng for å kome i gong med stell og vedlikehald av bassenget ditt. Det er tilgjenge på rensemiddel både med – og utan klor. I sortimentet finn ein og skikkeleg reingjeringsmiddel for badestampar. God hygiene i utandørs basseng bør vere like sjølvsagt som god hygiene og vasskvalitet i badekaret på badet. Hjå Odde Sagbruk kan dei hjelpe deg med dette.