Ein fryd for augo
og balsam for sjela:
Hannåsvollen gård på Kjetså.

Dei braut opp frå
eit hektisk liv i storbyen og fann sitt paradis i botnen av
”Brennevinskleiva” på Kjetså i Hornnes. Hannåsvollen Gård he fenge nytt
vertskap og nytt liv. Kjersti Våge og Jan I. Arnesen satsar no på ei
framtid i, og kring, den gamle driftsbygningen. Fulle av idear og
pågangsmot vil dei freiste å skape eit kulturellt samlingspunkt i bygda.
Mykje tyder på at dei vil lukkast. Arnesen seier at dei alt he funne seg
godt til rette og er overvelda øve kor godt dei har vorte motteke såvel
av lokalbefolkninga som av offentlege og kommunale tenestemenn.
Fredagskvelden, få timar før den offisielle opninga, vart grannane på
Kjetså beden på kaffe og kaker. Vertskapen på Hannåsvollen er den typen
menneskje som du he ei kjensle av å ha kjend heile livet sjølv om du
berre he tala med dei øve ein kopp kaffe , ein halvtime i vårsola. Dei
he ei eiga evne til å skape eit heilt spesielt miljø, og ei heilt
spesiell stemning, både ute og inne. Stemning he dei au klart å skape i
den gamle gjødselkjellaren. Truleg den einaste gjødselkjellaren i
kommunen med flislagt golv og handknyta persisk golvteppe. Her kan kring
20 menneske samlast til etegilde og venelag i heilt spesielle
omgjevnader. Det er uråd å beskrive med få – eller mange ord den
opplevinga du fær etter ei vitjing i den gamle låven. Vonleg vil
bileteserien under gjeve deg eit visst inntrykk. Me vil såleis oppmode
heile bygda, alle som ein, om å take seg ein tur til Hannåsvollen. Ein
fryd for augo og balsam for sjela.
Me
kjem attende med meir stoff frå
Hannåsvollen i
morgon.




Trykk på bileta under for å endre
storleik!
Sjå meir på:
www.h-vollen.no
