Korleis vert DU sponsor?

Økonomisk katastrofe for Hiroshima Skogsdrift.

Firmabilen forsvann i avgrunnen.

Svein Salve Lislevand er administrerande direktør i entrepenørfirmaet ”Hiroshima Skogsdrift.” Saman med to røynde skogsfolk frå Hægeland driv  han med linerydding i store delar av Indre Agder. Sist veke var Lislevand alleine på jobb. Sumarferien lyt take skulda for det.  På veg opp til Nordåna Kraftstasjon, i nærleiken av Skreland i Bygland, vart direktøren brått så himlande pissetrengd. Ikkje noke uvanleg når ein sit og beljar i seg svart kaffe frå tidleg morgon til seine kvelden. Skogsfolk he vane for slikt.

Lislevand fann seg ein lageleg stad å parkere og skvatt ut av bilen. Tida var knapp. Trykket auka for kvart sekund. Guten er lang i lekamen men reidskapen er sørgjeleg liten og stutt – det tok såleis lang tid før siste gule dropen nådde røsslyngen i vegkanten. Det er slike stunder ein berre må nyte. Sola kom opp øve åskammen. Gauken gol og skodda steig til vers. Lekamen var snart klar for ei ny økt med vernehjelm og motorsag. Lislevand snudde seg mot bilen. Han lukka skreielåsen i vernebuksene og gnei seg i augo. Han gnei seg i båe augo, slik ein ofte gjer når ein vaknar etter ein draum.

Det var då ungguten skjøna at katastrofa hadde råka det vesle entrepenørfirmaet. Hardt og brutalt. Bilen var sporlaust borte. Nei, ikkje sporlaust. Spora i veggrusen tala sitt klåre språk. Den blå Toyotaen hadde rulla av garde på eiga hand. Øve parkeringsplassen og ned i eit juv. Ei støvsky steig etter kvart mot himmelen. Eit siste teikn til liv. Så vart det stille, slik det berre kan vere på skogen ein gryande sumarmorgon.

To dagar tidlegare hadde Svein Salve vore innom Terra-kontoret på Evje og sagt opp kaskoforsikringa på bilen. Nett no ligg bilen til vurdering hjå Lantz Auto på Evje, og unge Lislevand veit så inderleg vel kva han må bruke feriepengene på i år.....

 

Denne hendinga he vekka mykje åtgaum i venekrinsen. Det avgjort heitaste samtaleemnet kring ” Lygarbordet” i Dåsnes. To dagar seinare kom ein ordonans frå Hornnes med eit parti bleier til Sandbekk. No vil dei ha det til at guten bør bruke slike på jobb. Vasslating i friluft he synt seg å vere ei kostbar affære. For Svein Salve Lislevand – og Hiroshima skogsdrift L/L.