Korleis vert DU sponsor?

Eikerapen Roots Festival 2008

” The lavvo sessions”

Skiltet som onkel Knut har laga er alt på plass framføre lavvoen, på den einaste plassen som ikkje er skeiv på jordet!

Moisund.com fekk til eit eksklusivt møte med festivalgeneral Tor Åge Eikerapen, sundag ettermiddag. Ein travelt oppteken mann som ser i almanakken at festivalen nærmar seg med stormskritt. Tor Åge er roleg men engasjert. Han veit at organisasjonen fungerer og i skrivande stund he han det meste under kontroll. Me kjem attende med ein utfyllande reportasje om årets rootsfestival i papirutgåva av moisund.com. Her kan du likevel få ein forsmak på kva nyhende som venter festivalgjestane i byrjinga av august.

I tillegg til den nye scena på ”Ellings låve” så vil nok den nye konsertarenaen med ”The lavvo sessions” vekkje mykje åtgaum og interesse blant dei tilreisande. Ute på eit jorde, i øvrekant av den skeivaste og brattaste campingplassen i Noreg, er det rigga opp ein ny lavvo. På utsida beiter 8 – 10 hestar i sumarsola. Her vil Tor Åge skipe til ”The lavvo session.” Intimkonsertar vil aldri verte det same etter dette. Inne i lavvoen vil musikarar spele for eit publikum som teler i høgda 15 personar. Det serverast ”glosteik”, ei lokal gastronomisk oppleving. Berre for å nemne det, billettane er no lagt ut for sal. Følg med på moisund.com. Me vil servere det beste før, etter og under festivalen. Lokalavisa for dalstroka innanfor.


Festivalgeneralen sjølv, Tor Åge Eikerapen, ynskjar folk velkomne til den nye intimscena på Eikerapen


Det vert ei intim stemning rundt bålet i lavvoen (Foto: Anne Kate Åsland og Lene Nesland)