Korleis vert DU sponsor?

Lindesnes Trekkspillklubb –  for folk flest.

Festkveld i Ivelandshallen.

Det er nok lenge sidan det he vore så livleg i lia på austsida av Birketveittjønna. Truleg ikkje sidan Einar Iveland slakta kalkunar der, på slutten av 80 talet.  Lindesnes Trekkspillklubb vitja bygda. Det vart ein folkefest. Ein time før framsyninga var Ivelandshallen på det næraste full. Mardon Haaverstad kom tidleg. Meir enn 300 mennesk benka seg kring småborda og kosa seg med kaffe og heimebakst frå Birketveit, Frikstad, Leesland og Vatnestraum. Lindesnes Trekkspillklubb skuffer aldri sine tilhøyrarar. Det vart full trøkk frå fyrste akkord. Dagen før han skulle feire sin 50 års bryllaupsdag var Arthur Stulien i storform. Då den godt vaksne entrepenøren drog i gong med ”Livet på Finnskogen” var det beint fram einskilde i salen som måtte turke ei tåre frå kjaken. Minna vart sterke. Arthur spelar med innleving. Truleg tenkte Carl Jularbo på  nettopp Arthur Stulien då han skreiv denne vakre melodien. Så fekk me høyre gamle svisker som ”Vigelandsvalsen”, ”Kalle Båtsmann”, ” Nidelven” og ” En slant til trikken hjem” for å nemne nokon.

I fylgje dagleg leiar i ensemblet, Atti Eikaas, så er det 62 aktive medlemmer i trekkspillklubben. Dei fleste frå Sørlandet, men også folk frå Stavanger og Finnøy. Medan kultureliten og andre statsfinansierte kunstnarar samlar halvfull sal  så he denne gjengen fyllt opp Grieghallen 5 år på rad. Det skal dei halde på med. Folk fær ikkje nok av desse livlege og jordnære karane. 34000 mennesk løyste i  fjor  billett for å høyre på Atti Eikaas, Torgny Monan. Siggen Høyland m.fl. Imponerande.
Dei he spela i 7 fylker i Noreg og 29 statar i USA. Dei he spela i Tyskland, Italia og Slovenia.

Dei he spela framføre Niagarafossen og dei he spela i Ivelandshallen.  Heile 4 musikarar he ramla
ned frå scenekanten i samband med ulike show i inn – og utland. Fleire kan det bli. Dei gjev alt av
seg sjølv, gutane og jentene i Lindesnes Trekkspillklubb. Snart skal dei i Den Norske Opera. Med buldozer.  Bjørn Simensen fær meir enn gul, italiensk  marmor å tenkje på. ” Det er viktig å vere seg sjæl” seier  Torgny Monan.

Torgny Monan, frå Sutestad, er ein populær mann både på –
og utanfor scena.  Han he vore med i klubben  sidan 1993 og er
framleis like engasjert.Torgny er ein etterspurd entertainer. Det skal han ha. Då ein kar i Amerika skulle feire åremålsdag ville han ha Torgny som spelemann. Jubilanten betalte både reise og opphald og Torgny spela til lyse morgonen. God dagløn og ein svært så nøgd jubilant. I Amerika.

No skal dei spele i Den Norske Opera i Bjørvika. ” Det he mi bestemt” seier Atti Eikaas på sin særeigne måte. Roleg og lunt. Han hever ikkje røysta, men du skjøner likevel kva han meiner. Han er berre slik. Slik er ikkje Torgny Monan. ” Vil dei ikkje sleppe oss inn i operaen så skal
eg køyre inn med buldozer” seier den gamle anleggslusken. Me trur
han så gjerne. Han hever røysta og du skjøner at han meiner det. Eit kroppspråk du ikkje tek feil av. Uhøgtideleg. Usnobbete.

Folk fyller opp pappkrusa med kaffe, blunker lurt til sidemannen og hiv innpå eit par stykker med rullekake frå Oggevatn. Det er klart for opera i Ivelandshallen. Trekkspill og opera. Thomas Stanghelle er ein verdskjend operasongar. ” O solo mio” vert aldri det same etter denne framføringa. Iveland vert aldri som før. Fantastisk. Ei ny tidsrekning i Iveland. Før - og etter at det vart framført opera i Ivelandshallen. Torstein Landås klappa. Det same gjorde Gjermund Frøysaa. Gratulerer Iveland. Det vart ein festkveld.


Arthur Stulien skulle beinvegs heim etter konserten for å førebu gullbryllaupet som feirast på laurdag.
Spelemannen frå Byremo fekk her øverekt blomar og ein klem som ei helsing frå resten i ensemblet.

Trykk på bileta under for å endre storleiken