Kommunetoppar
frå Evje på synfaring i Myklandsdalen
Slangen vart for stutt...
Av:
oystein@moisund.com

Fleire kommunale
toppbyråkratar frå Evje & Hornnes vitja denne veka Myklandsdalen for å
sjå nærare på den ufattelege katastrofa som så nådelaust råka Froland
kommune. Dette var ein tur i privat regi. Tenestekortet låg i
skrivebordskuffa og tenestebilen var parkert for dagen. Dramatikken lot
ikkje vente på seg. Unge Strømsli, med hissige flammar buldrande eit par
meter bak korsryggen, vender blikket mot katastrofeområdet. Brått snur
vinden, i voldsome kast. Det var langt til næraste vasspumpe og næraste
brannslange. Den unge ingeniøren såg raskt alvoret i situasjonen. Han he
vore med på meir enn ei katastrofeøving på veg oppetter karrierestigen.
Det skal han i alle fall ha.

Guten snur seg mot
flammehavet og gjev fullt trykk. Det vert som å skvette vatn på gåsa.
Bileta fortel heile sanninga.Slangen vart for stutt...

Med ein fart på opp mot 40 km/t raste flammane
vidare. Frå tre til tre – frå busk til busk. Då må sjølv topptrente
byråkratar, med røynsle frå både Raudekrossen og Forsvaret, melde pass.

Redninga måtte kome
frå lufta. 11 helikopter, med kvar si vassbytte i ei lang line, var det
som måtte til for å temje den ”raude hanen.” Historiebøkene må skrivast
om. Ei ny tidsrekning.
