Kongen av hardtre har blitt mjuk
Indotre
som er leia av Erik Risdal, held i dag til i dei gamle lokala til
Kjøpelaget på Byglandsfjord, men no er dei i ferd med å vekse ut av
desse. Dei planlegg difor å setje opp eit nybygg på Verksmoen i Evje på
heile 1800 m2 i tillegg til dagens bygg på rundt 1000m2. Etter planen
skal bygget stå ferdig alt til hausten. Til no har firmaet med 4
tilsette og ein omsetnad i 2007 på 4 millionar drevet mest innan hardtre
produkt, no vil dei bli mjukare. Dei er no i ferd med å produsera
benkeplater i furu frå Indonesia som dei vil omsetje her i landet.
Indonesisk furu er svært lik den norske, men er mykje billegare i
innkjøp, noko som gjer at produktet vert svært konkurransedyktig. Erik
kan fortelje at budsjettet for 2008 er auka med 100% og med ei ny
dobling i 2009, tek han sikta på ein omsetnad på heile 16 millionar i
året før 2010!
Erik
Risdal er født og oppvaksen på Evje, han er utdanna elektroingeniør men
driv i dag innanfor eit fagfelt som ligg langt utanfor dette. Frå å
arbeida med elektrodubedittar er han no i ferd med å slå seg opp innan
trevare. Nå er det ikkje tradisjonell norsk furu og gran han driv med,
han er meir eksotisk enn så. Etter å ha arbeidd i Singapore i heile seks
år har Erik skaffa seg dei lokalkunnskapane som skal til for drive
handel frå fjerne austen. Han har til no i hovudsak handla med tresortar
som teak og merbau som begge er kjende for å vere eit ekstremt hardt og
slitesterkt tre. Eg mumlar noko om tropiske regnskogar og
regnskogfond.... dette får Erik til å heva røysta og eg får ei lekse på
ein halv time som gjer at eg no veit mykje meir om dette temaet enn eg
nokon gong hadde drøymd om at eg ville. Eg rakk ikkje å skrive ned heile
foredraget, men kan i korte trekk oppsummera med at TEAK VEKS IKKJE I
TROPISK REGNSKOG! Dette tømmeret kjøper Erik frå USA og Canada for å
sende det med båt til Indonesia for vidare foredling, før det ferdige
produktet vert sendt til Noreg. Nokre tresortar kjem frå regnskog, men
dette er under sterkare offentleg kontroll frå myndigheita enn det nokon
skogbrukssjef her i landet nokon gong he opplevd. Erik kjøper tømmer av
merbau frå Indonesia og så lenge myndigheita med den strenge kontroll
tillet det så ser han ikkje noko galt i det. Eg tek gjerne ein samtale
med regnskogfondet, men dei tør nok ikkje det for eg er kjend med
forholda der eg handlar, avsluttar Evjeguten.

Det er stil øve møbla som møter ein i møterommet til Indotre på
Byglandsfjord

Produktet "Setesdal Gulv" med kjenneleg logo. Det siste er
Setesdalspråmen som og skal få ein kjenneleg logo når dei er ferdige.

Bilete frå hogging av material til Setesdal Gulv i Indonesia. Her vert
tømmeret skore ferdig opp i passeleg plank før dei fraktast ut på
skuldera. Her er det ikkje tale om å byggja skogsbilveg for å ta ut
tømmeret. Meir skånsamt kan det ikkje bli.

Det er litt av eit arbeid som ligg bak før materiala ligg klar for frakt
attmed vegen, fleire kilometer unna!
Sjå meir på:
www.indotre.no
