|
Dirk og
Wilma van Meurs
Tomt på 20 da – nytt hus og
flunkande ny
bilverkstad i Iveland.
Foto: moisund.com

Dei kom
flyttande frå Nederland i 2007. Etter ein tøff kamp mot det
heilnorske byråkratiet kan dei endeleg stadfeste at det meste he
falle på plass. Heilt uoppfordra trekk dei fram evjeguten Reidar
Pedersen som ein god ven – og ein god hjelpar i startfasa. Ikkje
noke bombe, spør du oss.
Siste
laurdagen i mars bed dei inn til gjestebod. Opent hus. I den nye
verkstaden. Moisund.com fær servert kaffe og rykande fersk
heimebakst då me vitjar det trivelege ekteparet. Gjestfrie,
smilande og med tru på framtida. Ei framtid i Iveland.

På
ytterveggen heng skiltet som stadfester at dette er ein
autorisert og offentleg godkjend bilverkstad. Dirk er ein røynd
bilmekanikar. I nærare 30 år praktiserte han yrket i sitt
tidlegare heimland. Han opna verkstaden for vel 3 veker sidan.
Avtaleboka er alt meir enn full. Arbeidsdagar på 12 timar.
Kundane kjem frå heile Sørlandet.

Me
tillet oss, spøkefullt, å kalle Wilma for « assisterande
verksmeister.» Ho smiler venleg og sier ho sjølvsagt vil hjelpe
til i verkstaden så mykje ho kan.
Truleg he Wilma
full jobb. Ein romsleg
bustad, 20 mål tomt og 3 born.

Trivelege folk. Gilde folk. Ny verkstad og himla god kaffe.
Kundane bør strøyme til Dirk og Wilma i framtida.
|