Nyttige lenker
  ARKIV moisund.com
  NETTHANDEL
  Moi frå lufta
  Ruteopplysninger
  Skråblikk på kvardagen
  Risdal Touring
  Setesdal Scene
  Revygruppa MORUS
  Andre lenker




 

Evje Bingo

Driv med øveskot trass i oppstartproblem.

Foto: moisund.com

Truls Johansen er dagleg leiar for Evje Bingo. Han er den fyrste til å beklage at dei i samband med nyopninga he slite med ymse tekniske problem. Tekniske problem i samband med dataliner og overføringer he skapt mykje frustrasjon hjå dei tilsette. No er det meste løyst og spelehallen fungerer tilfredstillande.

3 nye bingohallar vart opna på Sørlandet den 15. mars – og så langt er det berre Evje Bingo, av desse, som driv med øveskot i rekneskapen. Eit jamnt sig av folk gjev Truls tru på framtida. Han kan samstundes avkrefte rykte på bygda om at spelehallen er på veg mot avvikling og konkurs. Tvert om.

I næraste framtid vil det kome nye og spanande overraskinger til kundane. Mykje gildt er på gong, og fyer du med på moisund.com  så vil du til ei kvar tid halde deg oppdatert på det som skjer.

 
Snarveg til FLICKR Snarveg til moisund.com - TV Snarveg til ARKIV
Moisund.com - Øve alt - til ei kvar tid!
Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl