|
Furuskogen skal bort
Kan gå mot namneendring på
fleirbrukshuset.
Foto: moisund.com

«Furuly» er ikkje lenger noke
høvelege namn på det kommunale fleirbrukshuset.
Furu.trea er borte. No ligg
huset som ei aude øy ute i snauflata.
Torgeir
Hodne, fødd og oppvaksen i Slettefet. Utsikt til Vorehei – og
den eine snauflata større enn den andre. Trulg er dette årsaka
til at driftsleiaren i teknisk etat høgg ned det meste av
kommunal furuskog. Fyrst var det skogen ved Evje Kyrkje som vart
avliden. Så kom turen til hogstmoden skog ved gamleheimen på
Hornnes. No er guten i full sving med å snauhogge Verksmoen – og
delar av Dåsnesmoen. Kva driftsplanen seier om neste prosjekt er
i skrivande stund noke uklårt.

Kring 170
kbm med spesialtømmer ligg henteklart på Verksmoen. Klingjande
mynt i ei trengjande kommunekasse. Kjøparar stend i kø – og
telefonen stod ikkje stille medan moisund.com freista å få eit
aldri så lite intervju med driftsleiaren. Ein ting skal han ha,
Torgeir Slettefet, han pyntar opp kommunen.
Området
rundt Furuly vert som eit nytt parkområde. Innsyn, mykje sol og
eit framifrå turområde for urbane Evjefolk. Han rydder fint opp
etter seg. Ikkje ein kvist vert liggande att på vollen.

Han er eit
grann lei seg, Slettefet. Denne vesle furua vart ståande att.
Ikkje heilt i fylgje driftsplanen. No vert ho ståande slik. Eit
minne – og ei gåve til komande slekter.

Eit
hogstlag er no i full sving med å hogge ned skogen kring det
gamle fengselet på Hornnes. Eit nytt parkanlegg tek form.
Slettefet he ein plan for det han gjer.
Om sundagen
gjeng han på tur i Vorehei. Hentar inspirasjon, mot og vidsyn.
|