Nyttige lenker
  ARKIV moisund.com
  NETTHANDEL
  Moi frå lufta
  Ruteopplysninger
  Skråblikk på kvardagen
  Risdal Touring
  Setesdal Scene
  Revygruppa MORUS
  Andre lenker




 

Morten Moe  (1958 mod.)

Bilseljar – med hytte og stabbur på Espetveit.

Foto: moisund.com

Når han skal kvile lekamen, hovudet og tankane, då dreg Morten til Espetveit. Den vesle grenda, øvst i gamle Tønesland røystekrins.

Her he slekta hatt hytte i fleire generasjonar. Hyttetun, brunsvidd laftetømmer og stabbur. Veggane på Espetveit he si eiga historie å fortele. Den lyt liggje i arkivet til eit seinare høve. Lokalhistorie av beste slag. Me kjem attende.

Eigentleg vitjar eg Morten for å få ei orientering om den aktuelle stoda i bilbransjen. Samtalen krinsar om så mykje. Det er ikkje lett å halde seg innom ramma for eit slikt intervju. Me hadde brått så mykje å tale om.

Eg finn Morten i 2. høgda hjå Bertel O. Steen på Fiskåtangen. Han eig sjølv 40% i bilforretninga som for få år sidan vart kåra til den beste Mercedesforhandlaren i Noreg. «Som å vinne eliteserien i fotball» seier Morten.

Eg ser han er stolt. Han er stolt av dei tilsette. Fleire gonger i løpet av samtalen så trekk han fram sine medarbeidarar. «Den viktigaste ressursen eg rår over» seier guten som omset bilar for 270 mill kroner i året. Mercedes og Peugeot. Personbilar, varebilar, bussar og lastebilar. Eit godt utgangspunkt for ei vellukka forretningsdrift.

Korrekt og finsleg i tøyet. Mørk dress og laus i snippen. Administrerande direktør med 75 personar på lønningslista. Me merkar det når me tek fye gjennom verksemda.. Ei varm og venleg tone. Humør og den gode latteren frå eit eller anna kontor der dynna stend open. Han lever opp til sine visjonar, Morten Moe. Han ramsar dei opp med andakt i røysta. Høgtideleg og med tyngde i kvar avslutning.« Tillit – humør – generøsitet.»  Rettesnora for eit firma i vekst og eit firma der dei tilsette trivast. « Me må aldri gløyme at det er kundane som betaler løna vår.» 

Morten vert noke nølande då eg spør om det framleis er staussymbol å eige ein Mercedes. « Ikkje staussymbol. Det skal likevel vere stas å eige ein Mercedes. Merkenamnet er like sterkt, men i dag er stjerna på panseret tilgjengeleg for alle som ynskjer det. Prisen startar på rundt 200 000 Mykje bil for pengane.»

Morten Moe, leiar for eit lag som sel bilar frå øvste hylle. Eit håndplukka lag med dokumentasjon på at dei er blant dei aller beste i heile landet.

Så avslører direktøren at han ikkje he ein einaste ubesvart mail på datamaskinen – og at han maksimalt deltek på to møter kvar veke.« Ein bedriftsleiar skal vere tilgjengeleg for kundane – og for dei tilsette. Det er lite produktivt å stengje seg inne bak låste dører. Det er kundane som betaler løna vår….»

Når det gjeld stoda i bilbransjen så gløymde me beint fram å tale om den. Neste gong vert det truleg ein Mercedes i tunet. Stjerna på panseret er no tilgjengeleg for dei fleste. Sjølv for ein såpeselgjar frå nedre Setesdal. 

 
Snarveg til FLICKR Snarveg til moisund.com - TV Snarveg til ARKIV
Moisund.com - Øve alt - til ei kvar tid!
Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl