Nyttige lenker
  ARKIV moisund.com
  NETTHANDEL
  Moi frå lufta
  Ruteopplysninger
  Skråblikk på kvardagen
  Risdal Touring
  Setesdal Scene
  Revygruppa MORUS
  Andre lenker




 

Nina sette verdsrekord!

Seint sundag kveld var ein draum blitt virkeleg for Nina Irslinger. Presis kl 21:00 kunne denne tøffe jenta avslutte eit ekte maraton, eit maraton som hadde teke 36 timar! Trampeklapp og stormande jubel i ei fullsett Evje Kyrkje vitna om at dei frammøte var stolte over å få ein verdsmeistar i bygda. Flyboren direkte frå London kom diplomet som vitna om at Nina Irslinger, Evje, Norway hadde sett verdsrekord i speling på kyrkjeorgel.. Ho har skrevet seg  inn i historiebøkene. Ein representant frå Guinness World Record i London hadde kome eins ærend for å øverekke det synlege provet. Ordførar
Bjørn Ropstad kom med lenkja på. Han hadde med ein gåvesjekk på kr 10 000,-. Eit spleiselag mellom Evje og Hornnes kommune og Setesdal Regionsråd.

Heile 50 personar var i sving for å hjelpe Nina undervegs. Uten desse hadde ein slik rekord vore vanskeleg å fått i hamn. Ide og regi har Nina sjølv stått for og ho har saman med arrangementstaben førebudd dette det siste halve året. Klokka 09:00 laurdagsmorgon tok ho til og 36 timar etterpå var ho i mål. Den gamle rekorden var slegen med heile 3 timar! Slik krev god fysisk form. Det har Nina. Jenta som tidlegare har sykla Noreg på langs. Sjølv om det lengste ho nokon gong tidlegare har spela orgel samanhengande er 6 timar så var formen fin og humøret på topp etter at rekorden var sikra. På spørsmål om ho vil gjere eit seinare forsøk på å slå sin eige rekord kom det kontant at dette gjer ein berre ei gong i livet. No skal Nina heim å sove. Ho skal sove lenge...det har ho fortent, men ho lovar å vere klar igjen til påskegudstenestane tek til! GRATULERE NINA!


"Mia" frå Guinness World Record i London kunne stadfeste at verdsrekorden var godkjend!


Nina fekk mykje blome under tilstelninga. I bakgrunnen Åse Guldsmedmoen som er ei av dei som hjalp Nina undervegs.


Relax stod det skreve attmed noteheftet......


Gamlepresten, Stein Ødegård hadde teke turen frå Jæren saman med kåna for å få med seg rekordforsøket

 

Trykk på bileta under for å endra utsjånad og storleik!

 

Snarveg til FLICKR Snarveg til moisund.com - TV Snarveg til ARKIV
Moisund.com - Øve alt - til ei kvar tid!
Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl