Thorsland er ei lita grend mellom fjella i
Longdalen, Åseral. Med eige flyplass er det grend som har kort
veg til omverda. Her er og hovudkontoret til Thorslands Elektro.
Ei verksemd som har ekspandert jamt med hyttebygginga i
kommunen. Dagleg leiar Lars S Thorsland ynskjer ikkje reklame
just no. Guten har alt for mykje å gjere og kan ikkje famne om
meir på det noverande tidspunkt. Ordrebøkane er fulle slik at
påskeferie vert det lite av. Medan byfolk alt er etablert på
hytta si så er det fullt køyr for Lars og arbeidskarane hans.
Alle skal ha hytta klar til påske. Finanskrisa kjenner Lars
berre til gjennom media. Den har ikkje nådd Thorsland. Kva
framtida vil bringe veit han ikkje, men fram til no he det
gjenge alt kva reimer og tøy kan halde. Firmaet har måtte hyre
inn ekstrahjelp for å halde unna. Me møtte arbeidsgjengen ein
tidleg morgon på lageret heime i kjellaren på Thorsland. Full
aktivitet før dei drog ut på oppdrag. "Tre av og køyr greit" var
ordren frå dagleg leiar før gutane sette seg i bilane og drog
ut, ut for å hjelpe hyttefolket til ei god påske. Service er
noko desse gutane kan!
Frå venstre: Lars S Thorsland, Andrè Birkeland, Stig Andrè
Thorsland, Tobias Lauvsland og Svenn Tore Thorsland