Nyttige lenker
  ARKIV moisund.com
  NETTHANDEL
  Moi frå lufta
  Ruteopplysninger
  Skråblikk på kvardagen
  Risdal Touring
  Setesdal Scene
  Revygruppa MORUS
  Andre lenker




 

Vegard Moi (26)

Aktiv, samfunnsengasjert og talefør.

Foto: moisund.com

Vegard er ein kjend mann i bygda. Mange vener – og eit enormt  kontaktnett.

I dag, 7.april, he Vegard åremålsdag. Moisund.com var innom jubilanten på føremiddagen. Kaffe, wienerbrød, rullekake – og den gode samtalen. Det raste inn med helsinger frå vener og kjende. På telefonen og på datamaskinen.

Han he ei meining om det meste, og det er nok ikkje utan grunn at åremålsdagen skal feirast i heimen til ordføraren i bygda. Politikarar, både lokale – og nasjonale storleikar, veit å halde seg inne med unge herr Moi.

Sist haust vitja tidlegare statsråd Dagfinn Høybråten bygda. Den naturlege stoppestaden for ein beinsterkk, kaffe og nysteikte vafflar – ja det var sjølvsagt i stova hjå Vegard. Alt anna ville vore utenkjeleg. Alt anna ville vore risikosport for ein politikar som vil noke på nasjonalt plan. Vegard he kontaktane heilt til topps i systemet.

Etter folkeskule, gymnas og folkehøgskule fann Vegard tida mogen for å etablere seg utanfor heimen. I dag er han busett i eigen bustad i Evje sentrum.

Toyota i garasjen og eit varierande arbeidsliv. I vår – og sumarsesongen er Vegard aktivt oppteken i gartneriet på Setpro. Tusenvis av sumarblomer venter på nye eigarar. Ein dag i veka er han tilsett på det lokale «prestekontoret»  medan hans gode ven på puben, Collin, ikkje er sein om å ringje Vegard når han treng ekstra hjelp bakom disken. 

I dag er det mange som vil helse Vegard Moi på åremålsdagen. Ein god ven og eit omsorgsullt medmenneskje som mange veit å setje pris på.

 
Snarveg til FLICKR Snarveg til moisund.com - TV Snarveg til ARKIV
Moisund.com - Øve alt - til ei kvar tid!
Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl