Nyttige lenker
  ARKIV moisund.com
  NETTHANDEL
  Moi frå lufta
  Ruteopplysninger
  Skråblikk på kvardagen
  Risdal Touring
  Setesdal Scene
  Revygruppa MORUS
  Andre lenker




 

Albert Kjetså (45 )

Ny mann i driftsavdelinga.

Etter 25 år hjå Skibsplast fann « Krossingen » Albert Kjetså ut at tida var mogen for å skifte beite. Frå 1. januar vart han tilsett som fagarbeider i Evje & Hornnes kommune. Håndplukka til ei viktig stilling i driftsavdelinga. Albert er ein omtykt mann i heimbygda og vil heilt sikkert skli greit inn i miljøet. Dette er ein gut som kan tale med alle, på ein vetug måte. Slikt kan vere naudsynt når ein skal vere ein del av det kommunale sørvisapparatet. Det er for det meste innanfor fagområdet vatn og avlaup at Albert vil få den største arbeidsmengda. Vatn, slanger, brannkummer og tøffe utfordringer veit Albert mykje om. 16 år som brannmann i det lokale brannvesenet he gjeve mykje røynsle innanfor fleire fagområde.

Her syner Albert at han framleis er mjuk og rørsleg i lekamen, den gamle Otra keeperen. Det er framleis fullt mogleg å bøyge knea når han t.d. skal late vatnet. På den måten hindrar han at den kostbare uniforma vert tilsulka på ulike vis. Albert. Ein fagmann. Håndplukka til ein viktig jobb i kommunen. Me ynskjer til lukke med framtida.

 
Snarveg til FLICKR Snarveg til moisund.com - TV Snarveg til ARKIV
Moisund.com - Øve alt - til ei kvar tid!
Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl