|
Bortelid Mat opna i Bortelid.

Mange hadde nok vore skremd av å opne ein ny
butikk på fredag den 13. Slik er det ikkje med dei to damene
Tonje Jacobsen og Elin Eikild. Dagen som mange reknar som ein
dag som ein ikkje skal gjere for mange sprell, vart for desse
friske damene vald som dagen då den nye butikken i Bortelid
skulle opnast. Frå denne dagen vil dei halde ope kvar dag utover
vinteren, sundagen inkludert! Det var knytt stor spenning til
opningsdagen, ramma kring var ideell. Ei strålande sol som varma
godt opp i solveggen. Ville den nye dataterminalen fungere? Ja
sjølvsagt gjorde den det og alt ein time etter opning kunne dei
begge to slappe av og sjølv smake på kaka og kaffien som dei
serverte alle kundane på opningsdagen.
Bortelid
har og tidlegare hatt butikk, men vanskar med drifta gjorde det
naudsynt å endre lokala og vareutvalet. Etter at Bortelid
Marknad stengde døra i fjor vår har lokala vore gjennom ei
fullstendig forvandling. Tilbygg er kome til og arealet er auka
med rundt 45 m2. Eit eige kjølerom er på plass og vareutvalet er
stort sett som i ein vanleg Joker butikk. Prisene like så. Me
hadde ein prat med dagens fyrste kunde som hadde sett fram til
denne dagen i lang tid. Thor Gundersen har hytte på Panorama og
stod klar då dørene opna presis kl 10:00. Han var nøgd med det
han såg. Fantastisk utval og greie priser. ”
No har Maxi på Lund mista ein kunde”, sa Thor.
Heretter skulle all handel i samband med turar
til hytta skje på Bortelid Mat. Og denne karen, han er på hytta
si i Bortelid kvar helg gjennom heile vinteren. Han meinte det
no var viktig at alle gjer som han, på dette viset vil ein i
framtida kunne oppretthalde drifta av den nye butikken. I
framtida skal det vere mogleg å bestille varer via
internett/faks slik at desse er ferdig pakka når ein kjem opp på
hytta. Dette er service, noko dei to damene er kjend for!

Det nye kjølerommet rommar det meste ein treng av ferskvare for
ei helg på hytta

Thor Gundersen og Ole Petter Nielsen. Dei to fyrste kundane i
den nye butikken koste seg med gratis kake og kaffi. Det einaste
dei meinte mangla var indrefilet av storfe, Brasiliansk
storfe...

Den nye betalingsterminalen fungerte når Thor Gundersen drog
kortet som fyrste kunde

Asborg og Oddvar Hærås frå Nodeland har feriert i Bortelid sidan
1976. Dei har begge sakna butikk i Bortelid og gler seg til
igjen å kunne handle lokalt

Mathias Sørstrand (4 år) og Krister Sørstrand (6 år). Begge
koste dei seg med kake i butikken og såg fram til morgondagen då
dei skulle renne i skibakken

Frå venstre Elin Eikild, Gry Anita Thorsland, Tonje
Jacobsen og Hilde Reiersdal. Det vart litt tid til ein kjapp
kaffitår og eit lite kakestykke mellom kundane på opningsdagen.
|